Sommarhelsing frå Aksello

Det er motiverande å sjå at utfordrande tider og kriser kan resultere i nye innovative idear og fortgang i omstillingsprosessar i næringslivet vårt. Gjennom Vestland fylkeskommune og Sparebanken Sogn og Fjordane har Aksello fått finansiering til å bistå nettopp dette viktige arbeidet i tida som kjem, og vi ser fram til å kome i kontakt med næringslivet som treng vår drahjelp for å nå framtidige mål.

Vi i Aksello har sjølv fått kjenne på at dette er utfordrande tider det siste halve året. Påverka av regionsreformer, kutt i finansiering til prosjekt og Covid-19 situasjon gjer at vi vil fortsette å omstille oss for å utvikle eit berekraftig og framtidsretta innovasjonsselskap. Eit innovasjonselskap som skal bidra til å løfte regionen vår med tanke på vekst, innovasjon, omstilling og utvikling av berekraftige arbeidsplassar.

Vi held sommarstengt på kontoret i vekene 29, 30 og 31. Gründerane våre tek aldri fri så det er uansett aktivitet hos oss. Om du brenn inne med ein god ide i sommar eller har planar for utvikling og vekst i di bedrift, så send oss ein e-post eller ring så finn vi tid til ein prat.

God sommar! 

Helsing Vanja, Frode, Arne og Lone

Kontaktinfo: 

lone@aksello.no

tlf 47262635