Skip to content Skip to footer

Nye bedrifter i inkubator

T.v. Bjørn Dahl, ePoint – T.h. Stein-Asle Øvrebotn, Retrams

Aksello ynskjer ePoint AS og Retrams AS velkomne inn i inkubator.

ePoint held til i Stryn, og utviklar ei innovativ løysing som skal gjere boring av petroleumsbrønn meir effektiv og miljøvennleg, samt bidra til forbedra HMS-forhold. Grunder Bjørn Dahl har 20 års erfaring frå olje og gass næringa, og er godt kjend med dei utfordringar bransjen har som løysinga til det ePoint skal svare på. Marknaden er global og 

 

målgruppe for produktet er oljeselskap og oljeserviceselskap. Selskapet jobbar no med å få lansert ein vellykka pilot på norsk sokkel som  kan opne moglegheiter i det internasjonale olje- og gassmarknaden. ePoint har mottatt marknadsavklaringstilskot frå Innovasjon Norge.

Aksellos nettverk og kompetanse knytta til bransje olje/gass var ei viktig årsak til at eg søkte om medlemskap i inkubatoren, seier Bjørn Dahl.

Retrams AS som held til i Florø, utviklar og leverer smarte digitale oppbevaringsløysningar, Safe Control Cabinet, til alle typar industri. Selskapet vann nyleg eit anbod om innovasjonspartnerskap med verdi 6 MNOK med Helse Bergen. Her skal dei utvikle ei teknologisk løysing som skal gi sjukehuset full oversikt over utstyrsparken av kirurgiske gjenbrukbare enkeltinstrument. Løysninga skal bidra til betra kvalitet i arbeidsprosesser, auka fokus på pasientsikkerheit og styrke verdikjede for logistikk på sjukehuset. Ambisjonane er i fyrste omgang å utvikle ei løysing som skal kunne tas i bruk ved alle sjukehus i Helse Vest, men med eit internasjonalt potensiale på sikt. Retrams AS er ei knoppskyting frå Vestnes Land som blei utvikla i inkubatoren, så grunder Stein-Asle Øverbotn kjenner godt til kva betydning inkubatoren hos Aksello har for utvikling av forretningside.

Vi er glade for at vi får mogelegheit til å utvikle eit nytt prosjekt i inkubatoren. Tilgang på kompetanse gjennom rådgjeving, nettverk, miljø og finansiell støtte er viktig for oss i denne fasa, seier Stein-Asle Øverbotn.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet