Skip to content Skip to footer

Miljøfyrtårn

Ordføraren tildelte Aksello Miljøfyrtårn sertifiserings-bevis i frukostmøte 06. oktober

Det er fleire årsaker til at det å bli sertifisert Miljøfyrtårn er viktig for Aksello. I arbeidet med næringsutviklingsarbeid langs kysten av nordre vestland, legg Aksello til rette for å utvikle berekraftige forretningsidear gjennom å vere prosjektleiar, rådgjevar og koplingsaktør for nyetableringar, eksisterande næringsliv og prosjekt. 

«Det at vi kan vere eit foregangseksempel for verksemdene vi hjelper er ei viktig side av det, ei anna er at vi no har inngåande kunnskap om kva som ligg i ei slik sertifisering», seier Andrea Bjørkaas som har vore Aksello sin Miljøfyrtårn ansvarleg i sertifiseringsarbeidet.

Aksello bistår mange eksisterande bedrifter med forretningsutvikling, vekststrategi og forretningsmessige innovasjonar, men og heilt nye ferske idear og nyetablerte verksemder. Noko av det som går att hjå alle desse er at berekraft er blitt eit tydleg konkurransefortrinn. Å ha innomhus kompetanse på sertifisering og vite kva dette inneber, er særs nyttig i Aksello sitt vidare arbeid.

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar, med over 8500 verksemder sertifisert som Miljøfyrtårn. Det vart ein kjekk og innhaldsrik morgon der ordførar Ola Teigen gratulerte Aksello som miljøfyrtårn og fortalte mellom anna at han for eigen del verkeleg hadde fått auga opp for kor viktig arbeidet kring miljøsertifisering er om næringslivet skal nå dei store grøne omstillingsmåla sett for vår region. Ordføraren la også vekt på i sin presentasjon, at Miljøfyrtårn-sertifiseringa er anerkjent også av EU, og kan derfor vere viktig for verksemder som har eller vurderer internasjonalt arbeid og samarbeid.

Stiftelsen Miljøfyrtårn skal bidra til grøn omstilling av norske arbeidsplassar.

I strategien til Aksello er det lagt ekstra merksemd på at alle bedrifter og gründerar som mottek tenester frå Aksello, levera og utviklar seg etter tydlege berekraftige mål. Aksello har valt ut 7 av FN’sine berekraftsmål som Aksello skal ha ekstra merksemd på. Dette er nr 8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst, nr 9 Innovasjon og infrastruktur, nr 10 Mindre ulikhet, nr 11 Berekraftige byar og samfunn, nr 12 Ansvarleg forbruk og produksjon, nr 13 Stoppe klimaendringene og nr 17 Samarbeid for å nå målene.

Link til video av frukostmøtet  HER 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet