Aksello

Aksello

Aksello er stolte av å vere programoperatør for Siva sitt nasjonale inkubatorprogram. Med ein visjon om «å skape morgondagens konkurransedyktige bedrifter», bidreg Siva med tilskot, kompetanse, verktøy og eit nasjonalt nettverk til 34 inkubatorar i Noreg. 

Vi i Aksello arbeider hardt for å tilpasse, utvikle og levere dei beste tenestene til nystarta gründerar og etablert næringsliv. Tidene endrar seg fort og det er viktig for oss at næringslivet i vår region har eit innovativt miljø kor ein får kvalitet i forretningsutviklingsløpet, tilpassa rådgjeving og høg kvalitet på tenestene for å utvikle framtidas næringsliv. Vi tilbyr rådgjeving, kontorplass, finansiering, eit fagleg miljø og nettverk der bedriftene blir kopla saman med investorar, akademia, FoU miljø og andre bedrifter. 

Kvart år målar Siva inkubatorane sine for å sikre at vil alle utviklar oss og tilbyr den beste tenesta. Målinga vert gjort på 9 områder av inkubatortilbodet. Aksello fekk resultatet av denne målinga samanlikna med nasjonale gjennomsnittet førre veke og er særs glad for å sjå at vi scorar høgare enn gjennomsnittet på heile 4 områder! 3 områder ligg vi likt med landsgjennomsnittet og 2 områder har vi littegrann å strekke oss etter for å bli best. 

Styret i Aksello fekk presentert resultatet i styremøtet og gjev skryt til administrasjonen for å ha heva nivået. 

Også rådmann i Kinn kommune, Terje Heggheim, som er observatør i Aksello sit styret bit seg merke i Aksello sine gode leveransar. Les om dette i rådmannen sitt fredagsbrev her: https://kinn.kommune.no/aktuelt/radmannen-sitt-fredagsbrev.2851.aspx

Meir om det nasjonale inkubasjonsprogrammet finn du her: https://siva.no/virkemidler/inkubasjonsprogrammet/ 

Kan inkubatorprogrammet vere noko for deg? Ta kontakt https://aksello.no/om-aksello/#top