Landet er i ein spesiell situasjon no. Aksello er opptatt av folkehelsa, og vi vil følge dei norske helsemyndigheitene sine råd til korleis ein skal handtere kvardagen.
Rådgjevarar i Aksello begynner med heimekontor frå i morgon, fredag. Alle vil fortsatt vere tilgjengelege på e-post, mobil og om ønskjeleg også via Team eller Skype. Vi vil prioritere digitale framfor fysiske møter med bedrifter og samarbeidspartnara, og håpar på forståing for det.

I utgangspunktet blir alle planlagde fysiske møter avlyst, mellom anna blir det ikkje noko frukostmøte 2. april. Dei som har møter initiert av Aksello vil i nær framtid bli kontakta av kvar enkelt rådgjevar for korleis ein løyser dette. Kontorlokala til Aksello er ikkje tilgjengeleg frå no og foreløpig fram til påske.

Dagleg leiar Lone Bareksten er kontaktperson for all kommunikasjon om beredskapssituasjonen.
Ønskjer du å prate med nokon hos oss om saker eller som situasjonen for bedrifta som følgje av covid-19, ta gjerne kontakt. Du finn kontaktdetaljane her.

En riktig god folkehelse ønskes alle!