Skip to content Skip to footer

Krafttak i Kinn for det «grøne skiftet»

F.ø.v. Rolf Bjarne Sund, Kinn kommune, Maria Blom, Westcon Yard Florø AS, Stig Førde, Fjordbase AS, Linn Nekkøy, Norwell AS, Asgeir Åse, SFE/Linja AS, Ola Teigen, Kinn kommune, Hans Inge Gloppen, Vestland Fylksekommune, Bjørn Hollevik, Florø Industri og næringsforening, Frode Nybø, Aksello AS

Kinn kommune har eit variert, mangfaldig næringsliv, med stort potensialet for å ta posisjon i høve det «grøne skiftet». No er arbeidet i gang med å lage ein overordna plan for korleis bedriftene og kommunen saman skal lukkast med dette, i form av prosjektet «Energisenter Florø».

«Energisenter Florø»

F.ø.v. Rolf Bjarne Sund, Kinn kommune, Maria Blom, Westcon Yard Florø AS, Stig Førde, Fjordbase AS, Linn Nekkøy, Norwell AS, Asgeir Åse, SFE/Linja AS, Ola Teigen, Kinn kommune, Hans Inge Gloppen, Vestland Fylksekommune, Bjørn Hollevik, Florø Industri og næringsforening, Frode Nybø, Aksello AS

«Energisenter Florø» vart etablert fordi ein ser mange lokale initiativ innan det grøne skiftet i vår region: Elektrifisering av ferjer, båtar og havbruk, produksjon og bruk av hydrogen og havvind, og ikkje minst søknad om batterifabrikk i Florø står fram som gode døme på dette. Denne saka kan du lese her.

I prosjektet skal prosjekteigar, Kinn kommune, komme fram til ein overordna plan for si rolle som vertskap for grøne industrisatsingar. Dette for sikre at kommunen er attraktive for nyetableringar og legger til rette for eksisterande næringsliv. Vår region må posisjonere seg i konkurransen med andre som også ønskjer å ta ein posisjon på feltet.

I «Energisenter Florø» skal kommunen og næringslivet, der blant anna FjordbaseFINSFE og Westcon er representert, saman komme fram til ein slik overordna plan. Prosjektet treff godt i høve Vestland Fylkeskommune sin Grøn Region Vestlandsporteføljen og i tillegg til å ha ein representant med i prosjektgruppa er og prosjektet delvis finansiert gjennom Vestland fylkeskommune sitt handlingsprogram for innovasjon og næringsutvikling. I prosjektet skal ein også komme fram til konkrete prosjektforslag, som både skal hjelpe eksisterande næringsliv til å lukkast med «grøne initiativ» og trekke til seg nye etableringar. Døme på dette kan vere tilgang på kraft, areal, reguleringar og ikkje minst sørge for tilgang til kompetanse og finansiering.

Grøne, elektriske verdikjedar

Aksello er prosjektleiar for «Energisenter Florø», medan Menon Economics ved Even Winje og Maren Basso står for fagleg gjennomføring. Første arbeidsmøtet er gjennomført, og næringslivet har peika på ein del «grøne, elektriske verdikjedar», til dømes maritim industri, sjømat, havvind og så vidare, som interessante satsingsområde. Då tenker ein både i høve allereie pågåande prosjekt, samt framtidige satsingsområde innan desse verdikjedene, som næringslivet i vår region har spesielt gode føresetnadar for å lukkast med.

Neste arbeidsmøte blir rett over sommaren – og vi gler oss til å halde fram med å jobbe med eit spennande og viktig prosjekt for regionen vår.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet