Skip to content Skip to footer

Jakta på Elon, debatter, verdsrekordar, verdslansering, nettverk og god mat – ONS 2022

Verdens rekord og Ted talk 

Måndagen var det «jakta på Elon Musk» der Evoy, med Leif i kapteinsetet, var klar for verdensrekord. Etter mange nervepirrande timer, der el-båten EVOY 2 låg klar, var dessverre tidsvindauget for rekordforsøket begynt å lukke seg og Elon gjekk glipp av moglegheita til å delta på turen. Dette var jo sjølvsagt litt nedtur, men for ein opptur det vart når EVOY ble målt i 57.7 knop og dermed er verdens raskaste el-båt.

Så kom eigaren av den flunkande nye verdsrekorden til Florø Paviljongen både måndag og tysdag og tok publikum med på si reise frå ideen starta, til verdsrekord, nesten saman med Elon Musk. Tittelen på historiefortellinga til Leif var «What will be electric boating’s “Man-on-Mars” moment and how do we get there?»
Avslutningsvis lodda vi ut turar på Evoy 2. 10 heldige vinnarar fekk køyre den berømte båten i sola på ein blikkstille Vågen i Stavanger. Sjølv med 6 passasjerar i båten klarte den framleis å komme seg opp i 54 knop, for eit fartøy!

Debattar i Florø Paviljongen

    I Florø paviljong var det gode debatter både måndagen og tysdagen. 

Måndag

Måndag fekk vi besøk av statssekretær Andreas Bjelland Eriksen frå Olje og Energidepartementet, saman med Ordførar i Kinn kommune Ola Teigen, og Konserndirektør i Fjord base Holding AS Ole Schanke Eikum. På agendaen var produksjon av fornybar kraft og ikkje minst straum-tilførsel til eit raskt aukande behov i å etablere energikrevjande næringsliv. Ole Schanke Eikum var ganske konkret i si bestilling til statsekretæren og ville ha svar på tidslinjene som er sett for konsesjonane for utbygging av fornybar kraft og først og fremst havvind. Anders Bjelland Eriksen svara næringslivsleiaren overraskande konkret på når departementet såg føre seg at dei nye konsesjonane for utbygging var klar og når anbodsrundane skulle lysast ut. Både Ola Teigen og Ole Schanke Eikum virka nøgde med lovnadane frå Statssekretæren. Publikum i teltet var sjølvsagt opptekne av dei høge straumprisane og nytta sjansen til å spørje ut statsekretæren om kva departementet tenkte kring utanlandskablar og sal av strøm til marknadspris.

Tysdag

Tysdag var igjen Ole Schanke Eikum på plass på scena i Florø Paviljongen, og denne gong saman med Lasse Kolbjørn Anke Hansen som er Seniorrådgjevar i Vestlandfylkeskommune og Hubkoordinator for Grøn Region. Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello deltok også. Dei tre diskuterte korleis omstillinga av ein «oljesmurt» region, til å bli eit grønt kraftsenter skal forgå. Grøn region set mål om auke tal nye grøne arbeidsplassar med 24.000 stykker innan innan 2030. På same tid skal ein auke eksport frå regionen med NOK 40mrd. Denne kombinasjonen saman med lovand om at CO2 utsleppa skal reduserast med 55% dei neste 7 åra, gjer at reknestykket blir komplisert. Men Lasse var klar i si tale på korleis dei 16 definerte hub’ane i Vestland har klare målsetningar om å bidra til at dette vert realisert og tok fram gode eksempel i diskusjonen. Ole Schanke Eikum fortalte korleis Fjordbase allereie er ein av dei hub’ane som ligg langt framme når det gjeld å sjå sirkulære innovasjonar og allereie er i gang med utvikling av ei grøn verdikjede der ein ivaretek digitalisering og effektivisering, energiproduksjon, gjenbruk innan biogas og hydrogenproduksjon til varmegjennvinning til produksjon av fisk. Lone fortalte om virkemidlane som skal sette fart i desse initiativa og bidra til at næringslivet har forutsetningane til å nå måla i Grøn region.

Verdslansering av Saga connect

Onsdag var det tid for Verdslansering i Florø Paviljongen!

Først fekk Innovasjonsveka OPP vise den rykande ferske filmen dei har laga frå Fjord Base i Florø, der reisa går gjennom alle elementa som skapar den industrielle symbiosa på den innovative basen. 

Saga Fjordbase har utvikla sitt eige  Saga connect. Saman med Know It har dei utvikla eit logistikksystem som ivaretek og effektiviserer alle operasjonar på ein logistikkbase. Med denne løysinga svarar Fjord Basen absolutt opp til sitt slagord «Verdens grønaste forsyningsbase». Utviklarane bak systemet heldt ein god presentasjon og det var god stemning og feiring saman for basen og deira gode samarbeidspartnerar, kundar og leverandørar i Florø Paviljongen onsdag, før det store ONS+ fyrverkeriet tok til.

Sist men absolutt ikkje minst

    Når vi snakkar om god mat og god stemning så må vi takke Bistro to kokker. 

Ein gjeng som verkeleg imponere. Lange arbeidsdagar, fantastisk god mat, og konstant i god humør!

Dette er ein gjeng som vi er særs privilegerte til å kunne ha med oss til ONS gang på gang. Utan dei, og den nydelege sjømat-bufféen hadde ikkje Florø Paviljongen vert det same.

 

Bilete galleri

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet