Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 1. september

Aksello Frukostsamling torsdag 1. september – Svanøy Havbruk rik på historie og framtidsmoglegheiter, SFE ny eigar og Atle Isaksen ny styremedlem i Aksello, rykande fersk video frå Grøn Hub Fjord Base, og Forskingsrådet har nye tilbod

Aksello inviterer til haustens første frukostsamling torsdag 1. september. Samlinga vert som vanleg i våre lokale i Peak Florø. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. 

Vi har denne gongen følgande program:

  • SFE ny eigar og Atle Isaksen ny styremedlem i Aksello v/Atle Isaksen, Linja AS
  • Svanøy Havbruk – Rik historie og spennande framtid v/Solveig Willis
  • NORA og nye tilbod frå Forskningsrådet: Pilot Helse og Pilot Transport, v/ Merete Lunde
  • Rykande fersk video frå den Grøne Hub’en Fjord Base frå Innovasjonsuka OPP
  • Ordet Fritt 

Merete Lunde frå Forskingsrådet vil ikkje berre delta i Frukostsamlinga; ho blir òg værande utover dagen for møter med bedrifter. Ønsker du eit møte med henne, så send e-post til arne@aksello.no

Frå Innovasjon Norge kjem Inger Merete Øygard. Ho blir òg med både i frukostmøtet og tek bedrifts-møter i etterkant. Inger er bransjeansvarleg for reiseliv i Innovasjon Norge Vestland, men kan også ta møter om andre tema. Vil du nytte høvet til å møte henne, så send ein e-post til arne@aksello.no

Vi skal sørge for god strømming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan fysisk. Uansett er det fint om du melder deg på (sjå nedanfor).

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet