Skip to content Skip to footer

Frukostmøte 7. oktober

Neptune Energy med ny leiar og nye prosjekt, inkubatorverksemda Retrams med store nyhende, og to nye inkubatorverksemder presenterer seg

Aksello inviterer til frukostsamling torsdag den 7. oktober. Det blir også denne gongen i våre nye lokale i Peak Florø (det gamle Sparebankbygget i Strandgata i Florø). 

Vi startar som vanleg med frukost kl. 07.30, og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. 

Vi kan denne gongen by på mykje nytt:

  • Ny leiar og nye prosjekt, Neptune Energy v/Maren A. Klakegg og John Winterstø
  • Store nyhende frå inkubatorverksemda Retrams AS, v/Stein-Asle Øvrebotn
  • Presentasjon av to nye inkubatorverksemder:
    • Akkommod AS, digital hjelp til inkluderande arbeidsliv v/Asle J. Førde
    • Nokurs, ein digital vegvisar i kursjungelen v/Lene Ellingsund
  • Nytt frå Aksello, v/ Lone Bareksten
  • Ordet Fritt

Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Dei vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med dei, så send ei melding til arne@aksello.no.

Meld deg på HER.

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet