sirkulær økonomi-aksello

Sirkulære innovasjonar er framtida!

Vil du vere med i prosjektet Sirkulære Kinn?

Målet med prosjektet er å gjere Kinn til ein meir berekraftig og sirkulær kommune gjennom å hjelpe bedrifter til å finne sine smarte og innovative måtar for sirkulærøkonomi. Som døme er Kinn kommune allereie i dialog med to lokale bedrifter på sirkulære innovasjonar i næringslivet: Kinn Bryggeri og Nor Blikk. 

Kinn bryggeri sender brukt mask til landbruksaktørar i kommunen sparar dei for hundretusentals kroner i avfallskostnadar i året. Bønder kan nytte mask til dyrefôr og på denne måten erstatte delar av kraftfôr- og silofôrbehovet. Bøndene Rogen Madsen og Odd-Bjarte Løkkebø stadfestar at både kyr og kalvar er særs glad i bryggemask. Espen Lothe, gründar og eigar av Kinn bryggeri, meinar at det er avgjerande å implementere og nytte seg av sirkulære innovasjonar om ein skal følgje berekraftig utvikling i næringslivet.

Nor Blikk ser på sirkulære løysingar for metall: Målet med prosjektet er å redusere materialsvinn med 30 %, og dei jobbar med trefelt for å nå dette målet. Dei redusere feilproduksjon og avkapp, gjenbruk av avkapp, og ved å demontere, remontere og gjenbruke metall frå kledning og ventilasjonssystem. I Florø har NorBlikk eit prosjekt der dei leverer avkapp til skular som nyttar det i metallsløyd. Jan Henrik Nygård i NorBlikk håpar marknaden blir meir moden for endå meir ombruk og peikar på at metallprisane, til liks med trelast, har stige med 30 % det siste året. 

Kinn kommune har no altså fått prosjektfinansiering for å finne bedrifter i kommunen som allereie er i gang med sirkulære initiativ, eller som kan ha potensiale til å utvikle sirkulære innovasjonar saman med andre bedrifter. 

Med seg på laget har Kinn kommune Aksello, Circular Norway og Vill Energi. Dei to sistnemde har leia tilsvarande prosjekt i andre kommunar med stor suksess. 

Det går i desse dagar ut ei spørjeundersøking som er laga for å ta tempen på korleis bedrifter i Kinn kommune tenker og i kva grad ulike metodar for sirkulærøkonomi allereie er tatt i bruk. «Vi blir veldig takksame for alle som kan bruke tre minuttar å svare på denne, enten du er kjend med sirkulærøkonomi, eller ynskjer å lære meir. Og det vankar premie», seier Kaja Standal Moen frå Kinn kommune. 

Delta i spørjeundersøkinga her.