Nokurs - inkubator - aksello - næringsliv - grunder - innovasjon - kursplattform

Avent Digital AS tatt opp i inkubator!

Aksello ynskjer Avent Digital AS velkommen inn i inkubator med si nye satsing Nokurs – digitale kurs tilbydt på ein meir interaktiv måte. 

Selskapet har spesielt gjennom Covid og restriksjonar knytt til fysiske møteplassar, samt dialog med eksisterande kundar, sett eit potensiale i å satse på eit nytt forretningsområde for digitale kurs. Ambisjonen er å bli leiande innan hosting av alt-i-eit løysningar for videokurs på nett.  

Kostnadseffektivt og berekraftig

Med Nokurs leverer Avent Digital kompetanseheving på ein kostnadseffektiv og berekraftig måte og svarar på kundens behov for auka effektivitet og fleksibilitet. Vestland Fylkeskommune og Bondens Marknad Norge er blant pilotkundane i utviklingsfase. So langt har prosjektet hovudsakleg arbeidd på det nasjonale marknaden, men prosjektet ser potensiale og har ambisjonar om internasjonal satsing. 

Prosjektleiar for satsinga er Lene Ellingsund, Alexandria Nakpil Følsvik er ansvarleg for marknadsføring og Allan Madsen ansvarleg for utvikling og konsept. nokurs-aksello-florø

Inkubatoropptak

Inkubatoren skal legge til rette for at Avent Digital får nødvendig rådgjeving for utvikling av det nye forretningsområdet knytt til strategi, vidare arbeid med marknadsanalyser og konseptutvikling for eit internasjonalt marknad, samt bistå med rådgjeving knytt til finansiering, kapitalinnhenting og nettverk. 

Vi ser fram til å bistå Avent Digital i inkubator!