styret-aksello-florø

Nye styremedlemmar i Aksello sitt styre

Styret i Aksello er ei viktig brikke i arbeidet for nyskaping og næringsutvikling. Næringslivet sitt behov for å kunne sikre nyskaping og næringsutvikling ligg styrerepresentantane nært. Styret er samansett i frå ulike delar av næringslivet og kan nytte si erfaring for å sikre at Aksello dekker behova i ei bedrift og finn gode løysingar for å nå Aksello sin visjon; bidra til å skape og sikre arbeidsplassar.

Styret vårt består i dag av Marit Selstad, Kari Bjørbæk, Ragnar Waalen, Stig Førde, Mikael Johansen (styreleiar), Solveig Willis og Ola Teigen. Hans Inge Gloppen og Terje Heggheim er observatørar.

I tillegg til «vanleg» styrearbeid, har styremedlemmane i oppgåve å gjere opptak av nye inkubatorbedrifter i Aksello. Då får bedriftene som er i «pre-inkubasjon» moglegheita til å presentere seg og sin forretningsidè til styret. Dette er ein fin måte for inkubatorbedriftene til å lære å kjenne nettverket og ressurspersonane som sit i styret, samstundes som styret får god kjennskap til forretningsidèane som Aksello jobbar vidare med gjennom inkubatorprogrammet. Også prosjekta som Aksello vel å ta vidare, kjem ofte opp og fram gjennom styret.

Ved årets generalforsamling vart det valt inn to nye styremedlem: Kari Bjørbæk, som er leiande spesialkonsulent for logistikk i Equinor, og Marit Selstad som er Chief of Sales and Marketing Officer i Selstad. Vi gler oss stort over å ha fått Bjørbæk og Selstad med på laget, og ser fram til å nytte deira kompetanse og nettverk i det viktige arbeidet framover.

Mikael Johansen, som har vore nestleiar i styret til Aksello i to år, har takka ja til å vere styreleiar. Han kjenner Aksello og har med seg god erfaring og kompetanse frå den nasjonale og internasjonale maritime næringa, både som direktør ved Westcon Yard i Florø og no som leiar av Multi Maritime.

Vi har mange spanande prosjekt på gong, og vi er godt rusta med erfaring og kompetanse til å ta vidare vår oppgåve om å skape og sikre arbeidsplassane.