Skip to content Skip to footer

Florø-paviljongen i Vågen under ONS 2022

Endeleg er både ONS-messa og festivalen i Vågen tilbake og Aksello  er klar for å legge til rette for ein spanande nettverksarena med god stemning i Florø-paviljongen. 

Paviljongen vår er kjend for å vere ein paviljong med god atmosfære, og ikkje minst god mat og masse kjekke folk som du kan mingle med. I år har vi til og med fått med oss Florø kunstar Ragnhild Brandsøy, så du har moglegheit til å få med deg eit flott Florø-motiv. 

Som tidlegare er Bistro To Kokkar med på laget og du kjem til å lukte den gode maten til Terje og Øystein på lang vegs avstand når du nærmar deg Vågen.  Vi vil tilby to bordserveringar kvar dag måndag 29, tysdag 30. eller onsdag 31. august . Bordservering nr 1 er frå kl. 18:30 til 20:00 og bordservering nr 2 er frå 20:00-21:30.

Program i Florø-Paviljongen

Måndag, 29. august

Leif Stavøystand, Evoy. Held ein «ted talk»  -«What will be electric boating’s “Man-on-Mars” moment and how do we get there?” i forkant av kvar bordservering. Du vil få moglegheit til å vinne tur med verdens raskast El-båt Evoy 2.

Leif har og gjort ein «call out» til Elon Musk om å ta ein tur med «the worlds fastest electrical speed boat»  Så kven veit, kanskje vi får besøk av sjølvaste Elon Musk denne kvelden.

Tysdag, 30 august

Debatt Tysdag- «Energi kampen» 
Det vil vere ein debatt per bordservering der vi skal debattere tema innanfor energi. Debatt deltakarar blir annonsert nærmare debatten. 

Onsdag 31 august

Fjord Base Holding AS – Verdenslansering av «Saga Connect»: Saga Connect is where smart collaboration happens. It is planning and information sharing across companies, and will cut emissions and costs.

Vi ynskjer å sjå deg i Vågen under ONS, og anbefaler forehandskjøp av kuverter då nokon av våre bordserveringar allereie er utselt. Ta kontakt med Andrea Bjørkaas.

Andrea Bjørkaas

Prosjektleiar - Strategi & samarbeid

Kuvertar er prisa til NOK 2000 eks mva og er ikkje inkludert servering av alkohol. Bistro to Kokkar styrar baren og alkoholserveringa i paviljongen. For meir informasjon, klikk her.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet