Skip to content Skip to footer

Endringar i programmet for Florø-Paviljongen

Endringar i program.

Aksello er klar for å legge til rette for ein spanande nettverksarena med god stemning i Florø-paviljongen. 

Paviljongen vår er kjend for å vere ein paviljong med god atmosfære, og ikkje minst god mat og masse kjekke folk som du kan mingle med.

Det er blitt nokon endringar i programmet vårt.

Endeleg program for Florø Paviljongen:

Program i Florø-Paviljongen

Måndag, 29. august

Kl. 18:00

 Leif Stavøystand, Evoy. Held ein «ted talk»  -«What will be electric boating’s “Man-on-Mars” moment  and how do we get there?”

Du vil få moglegheit til å vinne tur med verdens raskast El-båt Evoy 2.

Leif har og gjort ein «call out» til Elon Musk om å ta ein tur med «the worlds fastest electrical speed boat»  Så kven veit, kanskje vi får besøk av sjølvaste Elon Musk denne kvelden.

Kl. 20:00

 Debatt Måndag- «Energi kampen»

Det vil vere ein debatt innanfor energi.

Debatt deltakarar er

Tysdag, 30 august

Kl.18:00

Debatt Tysdag – «Energi kampen»

Ein debatt med det lokale næringslivet.

 

Kl. 20:00

Leif Stavøystand, Evoy. Held ein «ted talk» -«What will be electric boating’s “Man-on-Mars” moment and how do we get there?”

Du vil få moglegheit til å vinne tur med verdens raskast El-båt Evoy 2.

Onsdag 31 August

Kl. 18:00 og 20:00

Fjord Base Holding AS – Verdenslansering av «Saga Connect»: Saga Connect is where smart collaboration happens. It is planning and information sharing across companies, and will cut emissions and costs.

Kuvertar

Som tidlegare er Bistro To Kokkar med på laget og du kjem til å lukte den gode maten til Terje og Øystein på lang vegs avstand når du nærmar deg Vågen. Vi vil tilby to bordserveringar kvar dag: måndag 29, tysdag 30. eller onsdag 31. August. Bordservering nr 1 er frå kl. 18:30 til 19:30 og bordservering nr 2 er frå 20:00-21:30

Spørsmål eller anna knytt til ONS?

Andrea Bjørkaas

Prosjektleiar - Strategi & samarbeid

Kuvertar er ikkje inkludert servering av alkohol. Bistro to Kokkar styrar baren og alkoholserveringa i paviljongen. For meir informasjon, klikk her.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet