Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 1. juni

Aksello si frukostsamling torsdag 1. juni med interessant program – Vi skal få løypemelding frå prosjektet “Studiesenter Kysten”. Administrerande direktør og direktør bedriftsmarknad kjem og skal snakke om at Sparebanken Sogn og Fjordane har kjøpt seg inn i Sparebank1, kva betyr det for deg og din bedrift? Aksello har fått ny programleiar! Workshopen til FloraU40 er gjennomført, kva skjer no, her får vi høyre om korleis du kan støtte nettverket og nett kvifor det er viktig. I tillegg kjem Småkraft og skal fortelje om korleis de som ein aktør i Sogn og Fjordane lager lokal verdiskaping.

Aksello inviterer til frukostsamling torsdag 1.juni. Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00. 

Merk: Frukostsamlinga blir ikkje streamet. 

Her ser du agendaen:

  • Velkommen v/Aksello
  • Løypemelding frå prosjekt “Studiesenter Kysten” v/ Reidar Grønli 
  • «Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i Sparebank1»- V/ Trond Teigene (administrerande direktør) og Roy Stian Farsund (direktør bedriftsmarknad) 
  • Ny tilsett Aksello v/Ingunn Eide
  • «Flora U40 – kva no?» v/ Alexandria Følsvik
  • «Småkraft AS, liten aktør med stort potensiale, ein aktør i Sogn og Fjordane som virkelig lagar lokal verdiskapning» v/Gunnar Ulvik Småkraft
  • Ordet fritt

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet