Skip to content Skip to footer

Havvind-prosjektet godt i gang

Havvind - Kva for posisjon skal Fjord Base ta?

Norges største forsyningsbase, Fjord Base, har unike forutsetningar for å bidra i verdikjeda havvind og å kunne ta ein sterk posisjon i den. Saman med Idévekst i Bergen leiar Aksello prosjekt Havvind som ein regional verdikjede med Fjord Base som prosjekteigar.

Sikre samarbeid, nå klimamål og sikre verdiskaping

Prosjektet skal sikre at huben Fjord Base styrkar og utviklar seg til å bli eit regionalt konsept med stort synergipotensiale. Prosjektet vil derfor ta for seg arbeidet som skal til for at Fjord Base skal kunne ta ein klar posisjon innan verdikjeda for havvind, som igjen vil bidra til at Vestlandet kan ta ein leiande posisjon internasjonalt i dei grøne verdikjedene.

I kartlegginga av korleis å gjennomføre prosjektet, har vi definert seks handlingsaktivitetar der éi av dei var å gjennomføre ei samling for potensielle samarbeidspartnarar. I den samanheng inviterte vi fleire ulike aktørar frå ulike delar i verdikjeda til vakre Florø for omvisning, idémyldring og diskusjonar i ein workshop 3. mai på Comfort hotel Victoria.

Workshopen er viktig for at Fjord Base kan få innsikt i kva kundane og leverandørane har behov for, og korleis dei kan ha høve til å legge til rette for å møte desse behova.

Mange viktige aktørar deltok i workshopen, deriblant Fjord Base, Ancala, Equinor, Westcon, K.Jansen, Seagust og Vattenfall, Vestland fylkeskommune, Hub for Ocean og Mammoet

Saman kunne vi diskutere ulike utfordringar i forbindelse med utvikling og leveranse av havvind-utstyr som vi delte, samt høyre på kva erfaringar andre hadde og kva for behov dei ulike aktørane hadde i ulike situasjonar.

Alle var samde om at Fjord Base har unike forutsetningar for å kunne ta ein sterk posisjon i verdikjeda for havvind ihht naturressursar, beliggenheit og infrastruktur.
Nokre viktige faktorar for at samarbeid mot nye områder skulle vere mogleg, og som alle var samde om, var blant anna god kommunikasjonsflyt og openheit om behov i tidleg fase.

Vi takkar for oppmøte, gode innspel og villigheita til å dele og ser fram til det vidare arbeidet med prosjektet. 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet