Skip to content Skip to footer

Nytt produkt for byggebransjen

Røyrleggarbrørne Eirik og Tore Førde Rylandsholm frå Bremanger har utvikla ein ny type festeskinne i bygg. Med den teleskopiske stålskinna kan festing av røyr gjerast mykje enklare og raskare enn i dag. No startar dei eit aksjeselskap for å lage og selje det nye produktet. I vinter tok Aksello opp Rylandsholm Rør som ny inkubatorbedrift.
Såg eit behov

Tore Førde Rylandsholm (40 år) har dei siste tolv åra jobba i Husevåg Rør i Måløy. Eirik Førde Rylandsholm (26 år) jobbar i røyrleggarfirmaet Bent Vikøren i Sogndal. Han driv også sitt eige røyrleggarfirma som enkeltpersonføretak, og han er medeigar i Kalvåg Vannsport. Begge brørne er utdanna røyrleggarar med fagbrev.

Dei tok til å arbeide med den nye festeskinna for alvor for eit års tid sidan. Men idéen har dei hatt i bakhovudet lenge. Når røyrleggarar skal montere røyr på veggar eller under tak i bygg, er det krav til feste med 60 cm. mellomrom. Det skal også vere feste for røyra ved uttak for vatn i vegg og ved røyrsentralar. Tradisjonelt har røyrleggarar brukt trematerialar til feste. Då brukar dei å sage til materialar som dei finn rundtom på byggeplassen og spikrar eller skrur desse på plass.

Den nye stålskinna tek berre 20 sekund å feste med skruar og batteridrill. Røyrleggarane slepp å leite etter eigna trematerialar og slepp å ha med seg sag. Skinnene er smale og sparer både arbeidstid og plass. Sidan dei er teleskopiske, kan skinnene skuvast ut eller inn så dei blir nøyaktige tilpassa avstanden mellom stenderar eller bjelkar. Skinnene kan også brukast til feste for avløpsrøyr, ventilasjonsrøyr og elektriske leidningar. Dei kan brukast omatt ved ombygging eller riving av eit bygg.

Fjerde prototypen fungerte

Tore og Eirik Førde Rylandsholm leita etter eit eigna produkt for festing av røyr i marknaden utan å finne noko. Då bestemte dei seg for å finne ei løysing sjølve. Eirik utforma idéen og fekk Klausen Industrier i Svelgen til å lage nokre prototypar i galvanisert stål. Der fekk dei veldig god hjelp av dagleg leiar Gunnar Mundal. I fjerde forsøk kom dei fram til ein skinnetype som dei var nøgde med. Dei har selt 200 skinner av den typen til Husevåg Rør og Bent Vikøren. Begge firma er veldig positive til produktet.

Med hjelp frå SIVA og deira ordning Norsk katapult har brørne fått godkjent den teleskopiske festeskinna som produkt. Dei har også undersøkt om dei skulle søke patent på skinna, men det er ikkje aktuelt. Derimot vil dei lage eit varemerke for produktet.

Gjennom rådgjevar Ann Irene Eliassen Myrheim i Bremanger kommune kom dei i kontakt med Aksello og fekk presentere idéen sin for næringsutviklingselskapet. På eit styremøte i februar vedtok Aksello å ta dei opp i inkubatoren sin.

Den teleskopiske festeskinna i bruk mellom takbjelkar. Foto: Rylandsholm Rør

Startar aksjeselskap

No i april kjem brørne til å starte eit aksjeselskap som inntil vidare har namnet Rylandsholm Rør. Dei treng råd frå Aksello om korleis dei skal nå fram til marknaden, om dei skal selje og sende skinnene sjølve eller om salet skal skje gjennom ein grossist. Dei også på utkikk etter ein leverandør som kan produsere stålskinnene heilautomatisk. Dessutan har dei ulike versjonar av festeskinna og tilleggsutstyr i tankane. Så dei reknar med å gjere ein del meir utviklingsarbeid.

Eirik Førde Rylandsholm (til venstre) og broren Tore Førde Rylandsholm med festeskinna som dei har utvikla. Foto: Magnus Helge Torvanger.

– Vi er blitt godt mottekne i Aksello. Dei hjelper oss med å finne dei rette kontaktane. Ein ting er å lage eit produkt, noko anna er det å gå ut og selje produktet. Der kan Aksello gje oss råd og rettleiing. No skal vi planlegge neste steg saman med dei, fortel Tore og Eirik Førde Rylandsholm.

Tekst: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet