Skip to content Skip to footer

Veldig interesse for FloraU40

Nesten 70 personar var med på workshop for FloraU40 på Vesle Kinn 9. mai. Det er arrangøren Aksello veldig godt nøgd med. Det kom fleire enn vi hadde venta, fortel Alexandria Følsvik, praksisstudent hos Aksello. Flora U40 skal vere eit nettverk for folk under 40 år i Florø og omland. 

Møteplassar for yngre folk

Flora U40 er ein av måtane vi kan få fleire til å flytte til Florø. Folk spør gjerne om kva det er å gjere på her. Det vil vere fint å få samla alle aktivitetar og tilbod på ei plattform. Der kan vi gje tips til både folk som er i Florø, folk som vil flytte tilbake til Florø og folk utanfrå som vurderer å flytte hit, seier Alexandria Følsvik.

Det er viktig for bedriftene at dei tilsette trivst her, også utanfor jobb og etter arbeidstid. Det er kjempepositivt både for samfunnsutviklinga og for bedriftene. Å møte og ta mot nye folk er kjekt. Vi må inkludere folk og unngå at nokon fell utanfor. Det hjelper å få til møteplassar for dei nye som kjem hit. Flora U40 vil få til lågterskeltilbod, fortel ho.

På workshopen møtte både folk i full jobb og folk i deltidsjobb, arbeidssøkande og studentar. Dette viser at FloraU40 treffer alle. Det kom også nokre engelsktalande som bur i Florø. Dei trivst her, men dei vil gjerne vite meir om kva som skjer her. I Florø er det mange tilflyttarar som ikkje er norske. Det er veldig viktig å få inkludert fleire av dei, meiner Alexandria Følsvik.

Over 150 interesserte

På Facebook hadde over 150 meldt seg interesserte i workshopen. Dei blei oppmoda om gjerne å ta med seg nokon. Etter kvart som dei kom inn på Vesle Kinn, fekk dei utdelt lappar med spørsmål som dei kunne svare på ved bruk av kode og mobil. Svara kom opp på storskjerm og var heilt anonymiserte. Folk fekk sjå at det var fleire enn dei sjølv som lurte på same tingen.

Lappane hadde farge etter kva gruppe mottakarane var plassert i. Poenget med dette som med FloraU40 var at folk skulle bli kjende med andre enn dei kjende frå før. Dei fekk spørsmål omkring ulike tema til gruppearbeidet. Dei seks ulike gruppene arbeidde i 20 minutt. Kvar gruppe hadde ein leiar frå ressursgruppa for FloraU40. Gruppeleiarane styrte diskusjonen og passa på at alle kom med i den. Dei noterte også ned innspela frå deltakarane.

Det som synte seg under workshopen, er at veldig mange er interesserte i kva FloraU40 er. Vi fekk avdekka at her er folk som er einsame, og at folk har lyst å møte andre på andre arenaer enn restaurantar. Mellom idéane som kom var å få til ei friluftsgruppe, ei løpegruppe og andre grupper. Også folk som har budd i Florø heile livet er interesserte i at her kjem ny unge folk, kan Alexandria Følsvik fortelle.

Ei av gruppene som var i sving under workshopen 9. mai. Framme frå venstre Rune Kleiven Rynning, Flora vidaregåande skule; Christian Aguirre, Safe Storage; Martin Hollevik, Svanøy Havbruk; Stine Rognsø, Norwell; Sigrid Hope Eliasson, Politiet og Mads Haugnes, Linja AS. Bak frå venstre Anne Marit Seljeseth, Flora ungdomsskule; Sondre Rekdal, Deloitte; Anders Cassels, Saga Fjordbase; Mai-Linn Sandvik, Harris og Christine Norddal Sunde, Elkem Bremanger.

Andrea Bjørkaas og Alexandria Følsvik er svært godt nøgde med oppslutninga om workshopen til FloraU40.

Held fram med prosjektet

To dagar etter workshopen kom ressursgruppa saman for å planlegge det vidare arbeidet saman med Aksello. Ein skal analysere alt som kom fram på arrangementet, finne finansering med meir. Svært mange melde seg på nyheitsbrev frå FloraU40 og ønskte å bli orienterte om kva som skjer vidare med det nye nettverket. FloraU40 held fram som eit prosjekt eigd av Aksello, med eigen identitet og logo

Med på workshopen frå ressursgruppa var

 Dennik Gnananantham (Linja), Sandra Nekkøy (Hub for Ocean), Stine Rognsø (Norwell), Silje Nistad Alræk (Sparebanken Sogn og Fjordane), Karen Nilsen (Vookal), Paniz Zegordi (PWC), Markus Hansen Solvåg (Bravo Seafood), Marthe Opheim (Fjord Base), Jonas Ure Hylland (KURS KF) , Maria Benæs Hunvik (Hub for Ocean), Alexandria Nakpil Følsvik (Aksello) og Andrea Bjørkaas (Aksello). 

Vesle Kinn heldt ope denne ettermiddagen spesielt for FloraU40, noko som Aksello set stor pris på. Det er eit viktig og etterlengta initiativ Aksello har tatt når dei no ønsker å lage eit nettverk for dei under 40. Vesle Kinn vil gjerne vere med og bidra til å gjere Florø og omland endå meir attraktiv for denne aldersgruppa, seier Ann-Magritt Banne i Kinn Bryggeri.

Tekst og foto: Magnus Helge Torvanger.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet