Skip to content Skip to footer

Er di bedrift hardt råka av lokale og nasjonale smittevernstiltak?

Regjeringa føl opp einigheita i Stortinget om nysaldert statsbudsjett 2021, og fordelar 500 millionar til koronakompensasjon til hardt råka verksemder. Kinn kommune har i denne omgang (del 6) mottatt kr 1.612.000,- og dei lokale verksemdene blir invitert til å søkje på midlane. Dette er DEL 6 av same kompensasjonsordning der Kinn kommune tidlegare i 2021 er tildelt midlar i DEL 1, 2 og 3 (Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter).

Mål

Målet med tilskotet er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksomheiter som er særskild hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning for å kompensere lokale virksomheter som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksomheiter sine kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Søknadsprosessen er enkel, og tilskotet er tillitsbasert. Som mottakar av tilskotet svarer du berre til ein eventuell revisjon frå myndigheitene i høve reglar for bagatellmessig støtte. Unytta midlar skal tilbakebetalast, tildelte midlar kan ikkje omdisponerast.

Kven kan søkje?

Kommunane har friheit til å tilpasse kva slags virksomheter dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Desse virksomheter kan søkje:

  • Verksomheiter innanfor Kinn kommune si grense og med forretningsadresse i kommunen kan motta støtte.
  • Verksomheiter kan berre motta tilskot for den økonomiske aktiviteten som finn stad innanfor Kinn kommune sine grenser. Verksomheiter med aktivitet i fleire kommunar må kunne syne til at det er ført separate rekneskap for verksomheita i Kinn. Unntaket er destinasjonsselskap eller turistkontor som fremmer turisme i deira respektive områder.
  • Lokale verksomheiter som er råka av strenge smitteverntiltak og som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette gjeld særleg støtte som kompenserar for kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstigning. Ei verksomheit kan ha tap sjølv om den går med overskot. Eit tap kan målast i form av redusert inntening i ei periode samanlikna med tilsvarande periodar i normalår. Ein vanleg måte å berekne tap på, er å samanlikne omsetningstal frå ein månad eller periode i 2019 med tilsvarande månad eller periode i 2020 (etter at pandemien braut ut) eller 2021.

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje har motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske verkemidlar.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for å søkje kompensasjonsordninga DEL 6 er sett til 10. januar 2022.

Alle søknadar skal registrerast via www.regionalforvalting.no.

For spørsmål

Aksello AS er Kinn kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte dei kommunale næringsfonda og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.

For spørsmål til søknadsprosessen eller kompensasjonsordninga generelt, ta kontakt med Lone Bareksten på mail lone@aksello.no eller mobil 47 26 26 35.

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet