Skip to content Skip to footer

Kjekk samling av inkubatorbedriftene våra!

I samanheng med opninga av nye inkubatorlokaler på Peak 25. november, arrangerte Aksello samling for selskap som er deltakarar i inkubatoren.

Aksello-inkubator-Vanja-Viken
Vanja Viken, inkubatorleiar

inkubatorprogrammet får gründerar og etablerte bedrifter tilgang til eit fagleg og sosialt miljø der nyskaping og vidareutvikling er i fokus.

– Vi fekk etter lang tid med nedstenging endeleg samla inkubatorbedriftene til ei fysisk samling. Slike møteplassar er viktige for gründerane: Dei får anledning til å møte andre selskap som er i same situasjon, og ein kan dele erfaringar, nettverk og avdekke potensielle samarbeid og synergiar, fortel Vanja Viken, inkubatorleiar.

Fagleg og sosialt

inkubatorbedrifter-aksello
Gründerane samarbeider med caseoppgåve

I tillegg til ein hyggeleg samankomst av kreative, kloke og kjekke hovuder, fekk inkubatorbedriftene fagleg påfyll: PwC stilte med fagleg kompetanse innan presentasjonsteknikk og kurs i vekst og skalering.

Tusen takk til Karl-Petter Sårheim, Therese Gjerde og Terje Bjerkan frå PwC for spanande og nyttige foredrag. Takk også til hotelldirektør Tone Øren ved Comfort Hotel Florø som fortalte om hotellet si utvikling og vekst den siste perioden.

Kursa blei heldt i Comfort Hotell Florø sine lokaler med god mat og service og Quality Hotel Florø serverte nydeleg julebuffet.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet