Skip to content Skip to footer

– Næringslivet må komme på bana og vise at dei har jobbane

HVL: Øyvind Østrem

Årets første Frukostsamling gjekk av stabelen med fullt hus, eit innhaldsrikt program og livestreaming på vår Facebookside. Opptak av streaminga kan de sjå her.

Høgskulen på Vestlandet – Nye studentar v/ Øyvind Østrem

Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet starta dagens frukostsamling. Han prata om korleis Høgskulen jobbar aktivt for å sikre rekruttering til framtidige arbeidsplassar i fylket, t.d.  innan oljebransjen no når pilene igjen peikar oppover.

– Det vil vere eit sterkt behov for ingeniørar i mange bransjar, og kompetansebarometeret til NHO bekreftar behovet for arbeidskraft i framtida, understreka Øyvind.

Høgskulen håper på nye studentar innan havteknologi (tradisjonell undervassteknologi eller havbruksteknologi)  til hausten, og poengterte at det er viktig at næringslivet engasjerer seg for å vise studentane at her er jobb å få etter fullført utdanning.

– Næringslivet må komme på bana og vise at dei har jobbane.  


Cargill/Ewos sin nye leiar i Florø: Tor-Erik Røynesdal

Tor Erik Røynesdal frå Cargill Aqua Nutrition kom kjapt på bana allereie under neste presentasjon og kunne bekrefte at dei ser etter arbeidskraft. Han spår gode framtidsutsikter for havbruksnæringa og produksjon av fiskefôr, som er Cargill sitt domene. Bedrifta produserer fôr til fisk i alle stadium av livssyklusen og tek ei leiande rolle innan innovasjon i sin bransje.Tor-Erik, som er opprinneleg bergensar, ser fram til å jobbe i Florø i tida som kjem.

Cargill/Ewos: Tor Erik Røynesdal

Widerøe – Cecilie Grendahl, salsansvarleg bedriftsmarknaden

Cecilie Grendahl frå Widerøe haldt innlegg om den oppdaterte flyflåten til Widerøe og det nye rutetilbodet, med vekt på tilbodet til og frå Florø. I Florø  har Widerøe fått ei teknisk forsterking, og ny tidstabell som startar 31. mars med fleire direkte ruter. Widerøe har også utvikla eit rutetilbod via Bergen der Florø vert kopla til 18 forskjellige destinasjonar i inn- og utland.

Widerøe: Cecilie Grendahl

 

Marianne Grytten

Kommunedelplan Florelandet – Brandsøy v/ Marianne Grytten

 

 

Marianne Grytten gav ein kort introduksjon av Kommunedelplan Florelandet – Brandsøy, og presenterte eit utval av utfordringar innan tema næringsliv, fortetting, utbygging, vegsamband og regulering. Planen skal vere klar 5. september, og Marianne ynskjer innspel frå næringslivet. Så ta gjerne kontakt om du har gode forslag eller meiningar.

IdéLAB-deltakar og barnebokforfattar Siv Jannicke Refvik

Siv Jannicke Refvik er barnebokforfattar og ny deltakar i idéLaben vår. Ho har tidlegare jobba som lærar i over 22 år, og har tatt ei pause frå draumejobben sin for å følgje ein anna draum: å skrive barnebok. Boka blir til i idéLaben og Siv Jannicke fortalde om prosessen og støtta ho har fått her på huset.  

Siv Jannicke Refvik

Det har vore heilt avgjerande å vere her på idéLaben. Det har vore så positivt å komme hit, og eg er glad for at denne støtta finst.

Publikum fekk også høyre eit utdrag frå boka til Siv Jannicke. Vi gler oss til å følgje arbeidet hennar vidare, og kanskje vil ho inspirere andre som har ei bok eller ein idé dei vil setje ut i livet.  

Næringsdagane 2019 v/ logistikkansvarleg Per Øyvind Helle

Per Øyvind Helle informerte om Næringsdagane 2019 som i år går av stabelen  7. og 8. mai i Førde. Hovudtema er Vi og Verda, og Per Øyvind gav oss nokre smakebitar frå programmet som er under arbeid. Noter dykk datoane og følg med på www.naringsdagane.no for meir info. Påmelding opnar straks.

Ordet Fritt

Fleire tok ordet under Ordet Fritt. Blant dei var Jørn Lasse Refsnes som informerte om at han no har etablert seg med advokatpraksis som del av Advokat Vest AS.

Christiane Ulriksen frå Enivest rosa Øyvind Østrem sitt innlegg om rekruttering ved Høgskulen på Vestlandet. Christiane fortalde om korleis Enivest er med å vidareformidle bodskapet til Høgskulen, samt korleis dei legg til rette for sine tilsette å ta vidareutdanning ved sidan av jobb. Ho oppfordra fleire bedrifter i regionen til å snakke fram utdanningstilbodet til Høgskulen.

Per Øyvind Helle

 

Lone Bareksten frå Aksello kom med ei melding på vegne av Rolf Bjarne Sund frå Kinn kommune. 1. mars kl. 9 held dei eit opent fellesmøte på Quality Hotell der ein får moglegheita til å komme med innspel til næringslivspolitikken i nye Kinn kommune. Meir info kjem, så hald av datoen om du ynskjer å vere med.

Neste frukostmøte vert torsdag 7. mars. Alle er hjarteleg velkomne, og følg med på nyheitsbrevet vårt og Facebook for program og invitasjon.

Frå venstre: Tor Erik Røynesdal, Arne Olsen, Siv Jannicke Refvik, Marianne Grytten, Cecilie Grendahl og Øyvind Østrem.
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet