Skip to content Skip to footer

Skum Isolering tatt opp i inkubator

Aksello ynskjer Skum Isolering AS velkommen inn i inkubatoren. Selskapet blei etablert i 2020 og er eigd av Grønsberg Invest AS og GS-Invest AS.

Skum Isolering AS skal forenkle og forbetre isolering av bygg og konstruksjonar gjennom å tilby skum (polyuretanskum PUR) som varmeisolering. Målgruppa er utbyggjarar av bygg til bustadformål og næringsbygg.

Meir miljøvenleg og kostnadseffektiv

Nasjonalt er det eit stort potensiale for skum som isoleringsmetode. I dag utgjer skumisolering 3-5% av totalmarknad i Norge (ca 2 mrd pr år). Internasjonalt er skum sterkt veksande og tar marknadsandelar. Skum som isolering samanlikna med tradisjonell isolering som Glava og Rockwool, er ein meir kostnadseffektiv og miljøvenleg måte å isolere bygg på. Leverandør Huntsman Building Solutions er global og leiande i bransjen.

Teamet består av dagleg leiar Knut-Einar Grønsberg (Grønsberg Invest), Geir Sandvik (GS Invest) og Mads Strømmen som er ansatt for å utvikle selskapet.

Aksello inkubator skal bistå Skum Isolering med rådgjeving knytt til vidare utvikling av forretningsplan, forretningsmodell, kunde- og marknads-strategi og økonomistyring. Selskapet ser Aksello’s miljø, rådgjeving, finansielle støtte og nettverk som viktig for vidare utvikling og kommersialisering.

Vi ser fram til å bistå Skum Isolering i inkubator!

Her finn du oss

Aksello AS
Peak Florø
Strandgata 52
6900 Florø

Nyhendebrev

Aksello © 2022. Presentert i samarbeid med Vookal AS.

Til toppen

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet