Skip to content Skip to footer

Aksello sine inkubatorbedrifter vert viktige for framtida i Vestland

EVOY
Foto: Evoy

Vestland Fylkeskommune og Innovasjon Norge har laga ei analyse av framtida for fylket vårt og kva for bedrifter og prosjekt som vert viktige for å sikre grøn næringsutvikling dei neste tiåra, «Grøn region Vestland». Det er gledeleg å sjå at fleire av Aksello sine eigarar, som Fjord Base, er identifiserte som spesielt viktige. Og ikkje minst er det flott å sjå at mange av dei bedriftene som har vorte utvikla i Aksello sin inkubator også er med på den eksklusive lista. Sjå berre på denne oppstillinga, med namn på bedriftene og kva for tidsperiode dei var/er i inkubasjon hjå oss:

FjordAlg, frå september 2016 til september 2021

Fjord Panel, frå april 2017 til April 2018 og april 2021 til i dag

Evoy, frå mars 2018 til desember 2020

Bulandet Miljøfisk, frå juni 2018 til februar 2020

Thalasso, frå februar 2021 til i dag.

Satsningsområde for Vestland fylkeskommune

fjordbase-aksello-vestland-fylkeskommune
Saga Fjordbase. Foto: Photoevent

Rapporten frå Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge fortel at det er desse bedriftene som dei skal satse på! Vi vil gratulere dyktige gründerar og leiarar av nemnde bedrifter. Vi er stolte av dykk og stolt av å ha bidratt i oppstartsfasen og satt gode grunnlag for vidare vekst for dykk som bedrifter. Det viser at idéane som vi er med på å støtte opp om og utvikle i vårt inkubatorprogram er liv laga, viktige og avgjerande for det vidare arbeidet om berekraftig næringsutvikling. Så har du eller di bedrift ein forretningsidé, så ta kontakt med oss og vi kan saman dyrke han fram til å bli framtidsretta og lønsam.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet