Skip to content Skip to footer

Vellukka exit for FjordAlg

Med glede og stoltheit kan vi fortelje om endå ein vellukka exit frå Inkubatorprogrammet: Med investorar, støtte frå Innovasjon Norge og miljøteknologiordninga, samt avtale med internasjonal kunde, og no sist realisering av eit pilotanlegg i Årdaler FjordAlg med Gabriel Ossenkamp, klar for å ta eit steg vidare! 

FjordAlg si satsing skal gjere det rosa i laksen grønt. Oppdrettslaksen blir i dag tilsett det kjemisk framstilte fargestoffet astaxantin for å få den rosa fargen. Produksjonen har eit høgt CO2 avtrykk, enten frå petroleum eller gjennom fermentering langt frå Norge. FjordAlg vil produsere naturlege algar som skal erstatte astaxantin gjennom ein meir miljøvennleg og kostnadseffektiv produksjon ved hjelp av fornybar vasskraft.

Milepålar 

– Det var gjennom Aksello vi blei oppmerksom på gründerkonferansen i Bergen der vi møtte vår første investor, som har gjort det mogleg for oss å drive utviklinga vidare. Dette er vår første milepæl. Vår investor er også styreleiar i selskapet og har bidratt til mange positive faktorar for utvikling av FjordAlg, seier Ossenkamp. 

I inkubatorprogrammet er det vår jobb i Aksello å bistå gründerane med verktøy som er viktig for å kunne realisere sine forretningsidéar. Vi skal blant anna tilrettelegge for god rådgjeving, gode møteplassar, at gründerane blir introdusert og kjend med nettverket, samt bistå å søke om finansiering til vidare utvikling. 

– Eg har opplevd å få god støtte frå Aksello heile vegen. Dei har vore positive til FjordAlg frå første dag eg dukka opp i lokala deira. Her har eg fått god hjelp til å utvikle ideen min og fått ein dyktig mentor og rådgjevar, Knut Eikeland, som har satt oss i kontakt med riktige personar, fortel Ossenkamp.   

– Det store arbeidet gjennom Aksello var å få på plass den første finansieringa, som var neste milepæl: Med hjelp av Aksello fekk vi innvilga støtte frå Innovasjon Norge sin miljøteknologiordning. Denne støtta, saman med investormidlane, førte til eit stort steg vidare i utviklinga. No er vi tre ansatte i Årdal, der vi har vårt pilotanlegg i Sitep AS sine lokaler. 

Saman med desse to betydelege milepålane kan Ossenkramp fortelje om mange små milepålar som har vore viktige for han i inkubatorprogrammet: 

– Det har vore veldig fint for meg å vere ein del av eit gründermiljø, der ein kan prate med andre gründerar, ta del i arrangement der ein får presentere seg sjølv. I den samanheng har det vore viktig for meg å til dømes vere med på pitch-trening, som Aksello tilbyr. 

Neste steg

– No har vi eit nokså konkret løp vidare. Vi tester produktet fortløpande, og vi har fått gode resultatar. Vi jobbar tett saman med vår kunde, og dei uttrykker at dei er fornøgd. Vi veit at det fungerar, men vi må også vise til at det kan fungere lønsamt. Det er mykje arbeid framover, og det er utruleg spanande! avsluttar Ossenkamp. 

Vi ønsker Gabriel og Team FjordAlg lukke til vidare! Vi er stolt, og gler oss til å følge med på reisa vidare og fleire viktige milepålar. 

Les meir om FjordAlg her.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet