Nye bedrifter i inkubator: Bulandet Miljøfisk og Evoy

Inkubator I Aksello

Nye inkubatorbedrifter: Leif A. Stavøstrand frå Evoy og Ola Sveen frå Bulandet Miljøfisk saman med inkubatorleiar Vanja Viken.

Vi har fått to nye inkubatorbedrifter i stallen vår, Bulandet Miljøfisk og Evoy, som begge opererer innanfor to av Aksello sine satsingsområde Havrommet og Smarte Samfunn.

BULANDET MILJØFISK

Bulandet Miljøfisk vert med i inkubator til Aksello etter to år i idélab der dei verkeleg har fått testa potensialet til idéen sin. Selskapet sine ambisjonar er store, og dei planlegg eit landbasert oppdrettsanlegg for laks og aure på Bulandet som kan vere ein gamechanger for ei meir miljøvennleg oppdrettsnæring.

– Vi ser fram til å jobbe vidare med dette prosjektet i inkubator og vi ser at Aksello hjelper oss på mange områder. Den månadlege frukostsamlinga og lokale her har mellom anna vore ein viktig møteplass for oss der vi treffer mange interessante kontaktar, deler kunnskap og lærer av kvarandre. Vi har også fått god rettleiing i å strukturere og organisere prosjektet vårt, seier Ola Sveen som er prosjektleiar for akvakultur.

Sveen har tidlegare arbeidd med lukka oppdrettssystem i Frankrike med god suksess, og har erfaring frå fleire lukka sjøbaserte prosjekt i Norge. Med seg på laget har han Oddmund Storesund som er prosjektleiar for utbygging, grunneigar Anne M. Grepstad, Skylesteinen AS og Ving Eiendom AS.

– Det som er spesielt med Bulandet Miljøfisk sitt anlegg er at det vil liggje lågare enn havnivå, 7-8 meter ned i grunnen. Dette gjer til at løftehøgda på vatnet inn til anlegget vert redusert til akkurat det minimum vi må ha av overhøgde/trykk for å få vatnet gjennom anlegget utan ekstra bruk av pumper, forklarar han.

Inkubator I Aksello
Bulandet Miljøfisk: Ola Sveen er prosjektleiar akvakultur for Bulandet Miljøfisk. Teamet hans består av Oddmund Storesund (prosjektleiar utbygging), Anne M. Grepstad, Skylesteinen AS og Ving Eiendom AS.

Anlegget på Bulandet er eit gjennomstrøymingsanlegg der store mengder vatn skal renne gjennom anlegget. Ved å plassere det lavt i terrenget er løftehøgda på vatnet redusert maksimalt for å spare energikostnader.

Ingen har gjort dette før. Landbaserte anlegg som vart bygt ca. 30 år tilbake låg alle høgt oppe på land. Dette førte til høge pumpekostnader som øydela økonomien i prosjekta. Men dei tidlege landbaserte anlegga fekk i alle fall bevist at fisken produsert på denne måten er av ypparste kvalitet.

Sveen fortel at det som også kjenneteiknar prosjektet er at teknologien dei brukar er svært enkel og driftssikker nettopp på grunn av at dei kan ta reint og friskt vann rett frå havet til fisken.

– Planen vidare er å presentere prosjektet vårt til ulike aktørar som vi håpar vil vere med på ein emisjon. Så langt har det vore stor interesse for det, både frå private personer og bedrifter, seier han.

På sikt vil Bulandet Miljøfisk skape verdi for mange aktørar i havbruksnæringa og 10 nye arbeidsplassar i Bulandet. Du kan verte enno betre kjend med prosjektet deira ved å besøke nettsida deira her. 

Inkubator I Aksello
Evoy: For Leif A. Stavøstrand og far hans Gunnar Stavøstrand er det draumen om ein rein og stillegåande båt som er motivasjonen bak selskapet Evoy.

EVOY

Evoy er ei nyare etablering som vart starta i februar i år av Leif A. Stavøstrand og far hans Gunnar Stavøstrand. Selskapet skal levere elektrisk framdriftssystem til raske båtar der dei brukar komponentar frå bil og lastebilindustrien i eit nytt konsept for båt som er miljøvennleg og stillegåande.

Konseptet er ein standard pakke med innanbords elektrisk framdrift, inkludert alt du treng, for hurtiggåande båtar. Denne pakken kan installerast i brukte og nye båtar i størrelsen 20 til 30 fot. Idéen er 15 år gammal, trigga av ynskje om stille, reine og økonomisk turar på sjøen. No er teknologien og marknaden modent for produktet, forklarar Stavøstrand.

Far og son Stavøstrand har tidlegare erfaring frå oppstart og drift av eige selskap og inngåande kjennskap til båtmarknaden.

– Vi har søkt oss inn i inkubator då vi ynskjer å ha ein god rådgjevar med på laget som kan følgje opp prosjektet, og ser nytten av å vere ein del av nettverket til Aksello. Rådgjeving innan bedriftsutvikling vert spesielt viktig for oss, påpeikar Stavøstrand.

Målet til Evoy er å få på plass ein prototype i 2018 og levere det første systemet til kunde i 2019.

–  På lang sikt håpar vi å skape mange arbeidsplassar og stor aktivitet i Florø og regionen elles, seier han optimistisk.

Du kan finne ut meir om det spennande konseptet til Evoy på nettsida deira her.

Bulandet Miljøfisk og Evoy kjem også på Frukostsamlinga vår torsdag 5.juli for å fortelje meir om prosjekta sine. Meld deg på her!

POSITIV VEKST

–  Dette er to sterke prosjekt som vi ser fram til å jobbe vidare med. Bulandet Miljøfisk stiller med eit solid team og eit fantastisk konsept for eit landbasert anlegg som er det einaste i sitt slag. Evoy har også vist oss eit kjempepotensiale og fyller eit udekka behov i marknaden, konstaterer inkubatorleiar Vanja Viken.

Aldri før har nyetableringar i fylket vårt vore høgare, og hos Aksello ser vi også ei positiv utvikling i det regionale gründer- og innovasjonsmiljøet. Talet på inkubarbedrifter har auka frå fire i 2014 til 18 i 2018, og nyleg feira vi suksesshistoriene til Fjordpanel og Vestnes Land.

– Vi har trua på at nyskaping inspirerer og motiverer til meir nyskaping. Vi opplev at fleire tek kontakt med oss for å vere ein del av miljøet her og det er eit stort pluss at vi får inn fleire bedrifter innanfor satsingsområda våre slik at dei kan dra nytte av kvarandre sin kunnskap og kompetanse. Vi går ei spennande tid i møte, konkluderer Viken.

I tillegg til Havrommet og Smarte Samfunn, så satser Aksello også på Fornybar Energi. Gjennom inkubator og Flora kommune sin førstelinjeteneste hjelper vi både nye bedrifter og eksisterande næringsliv i Sogn og Fjordane med å realisere idéane sine.  

Ta kontakt med oss om du ynskjer å vite meir.