Inkubator I Aksello

Folka bak suksessen: Framme frå venstre: Rune Hjelmeland (Fjordesign/Fjordpanel), Lone Bareksten (Aksello), Stein-Asle Øvreboten (Vestnes Land/RETRAMS), Vanja Viken og Heidi Felle (Aksello), Jonny Bjørnset (Vestnes Norway/Fjordpanel). Tore Havn (RETRAMS), Bjørgulf Myklebust (RETRAMS), Knut Eikeland (ekstern rådgjevar for Aksello), Odd Bjørnset (Vestnes Land/RETRAMS), Arne Olsen (Aksello) og Per Christian Engdal (ekstern rådgjevar for Aksello).

 

Denne månaden hadde Aksello gleda av å markere suksesshistoriene til to av sine inkubatorbedrifter, Vestnes Land og Fjordpanel, som har nådd sine viktigaste milepæler til no.

– Det er utruleg kjekt å stå her i dag og gratulere to selskap som er marknadsklare. De har kryssa av mange milepæler undervegs i utviklingsløpet, men det er ingen tvil om at det er når de sel produkta dykkar at de har nådd den viktigaste milepælen, seier ein stolt inkubatorleiar Vanja Viken.

Saman med resten av teamet til Aksello har ho følgt utviklinga til selskapa gjennom inkubatorprogrammet som skal hjelpe bedrifter med nytenkjande prosjekt i Sogn og Fjordane å komme raskare ut i marknaden.

– Vi er veldig glad for at vi har fått lov til å vere med å bistå desse knoppskytingane og desse nye selskapa. Det vert spennande å følgje dykk framover og vi gler oss til framtida; til å sjå kor mange marknadar de vil nå og kor mange arbeidsplassar de vil skape, seier dagleg leiar Lone Bareksten.   

Regionalt samarbeid

– Det som er bra med inkubatorbedriftene dykkar er at de viser korleis selskap frå ulike delar av fylket vårt får til gode samarbeid. Saman grip de moglegheitane og trekk synergiar frå ulike kompetansefelt og ulike nettverk. Det er slik de skaper nye moglegheiter, roser Viken og påpeikar kor viktig slike regionale samarbeid er for innovasjonsmiljøet i fylket.

Ein viktig fellesnevner for inkubatorbedriftene er brødrene Bjørnset som er sentrale i begge prosjekta, Jonny i Fjordpanel og Odd i Vestnes Land/RETRAMS. Dei representerer et stykke industrihistorie i Florø, starta av faren Jostein Bjørnset.

– Odd og Jonny har, saman og kvar for seg, vore med å utvikle spennande selskap som leverer både solide produkt og tenester. Det er sterkt gjort, understrekar ekstern rådgjevar, Knut Eikeland.

Framtidas arbeidsplassar

Fjordpanel, som er ei knoppskyting frå selskapet Fjordesign i samarbeid med Ortnevik Tre og Vestnes Norway, har gjennomført inkubatorprogrammet og opplev stor etterspurnad i marknaden. Vestnes Land sitt prosjekt, Safe Control Cabinet, har også lovande framtidsutsikter og har vorte transformert til eit nytt selskap RETRAMS, som skal vere i inkubatoren i eitt år til.

De skapar framtida sine arbeidsplassar og vi er utrulege heldige som har slike dyktige selskap i miljøet vårt. Inkubatoren er i sterk vekst, frå fire selskap i 2014 til 18 selskap i 2018, og suksesshistoriene dykkar viser kva vi kan få til i lag, konkluderer Viken.

 

Les suksesshistoriene til Fjordpanel og Vestnes Land/RETRAMS her:  

Smarte samfunn I Aksello