Skip to content Skip to footer

Velkommen til lunsjmøte med fagleg påfyll

IPR – immaterielle verdiar

Aksello invitere saman med Advokatfirmaet Tollefsen AS og Innovasjon Norge til lunsjmøte med fagleg påfyll om IPR – immaterielle verdiar.

Er du og din bedrift bevisst på kva immaterielle verdiar de har? Kva som er typiske immaterielle verdiar, og korleis forvalta dei? Ein stor del av verdiane i ei moderne bedrift er immaterielle (ikkje-fysiske). Viss du forvaltar disse verdiane klokt kan du samtidig sikre konkurransefortrinnet ditt og dermed også auke bedrifta sin verdi.

Vi inviterer til lunsjmøte tysdag 8. november. Samlinga vert i våre lokaler i Peak Florø. Vi startar med lunsj kl. 11.00 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl.11:30 til 12.30.

Lunsj er uten kostnad for deg – men vi treng påmelding for berekning av mat.

Fint om du melder deg på HER

Vi skal sørge for god strømming av lunsjmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan fysisk. 

Vi har følgande program: 

Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge skal fortelle korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg med å sikre dine immaterielle verdiar.
Ho vil gje deg konkrete dømer frå bedrifter som har fått hjelp.
Kristine forteller også om korleis Innovasjon Norge kan bistå bedrifter i ein oppstartsfase, bedrifter i vekst og bedrifter som planlegg å utvide verksemda til internasjonale marknadar.

Advokat Kristine Celius frå advokatfirma tollefsen, har 10 års erfaring med IPR-rådgjeving og bistår jamleg bedrifter med å identifisere og forvalte sine immaterielle verdiar, til dømes gjennom rådgjeving, varemerkeregistrering, lisensavtalar eller rettslege skritt for å stanse ulovleg krenking av immaterielle rettar.
Kristine vil presentere den «immaterielle verktøykassa» og gi dømer på kva du bør tenke på når du skal leggje ei god IPR-strategi for di bedrift.

SIGRID EIKELAND frå Sunnfjord U40 er eit nytt, veksande og ei svært populær nettverksbygging. U40 finner vi også i Sogn og ein variant i Nordfjord. Sigrid kjem til vår lunsj for å informere og fortelle litt om nettverksarbeidet dei jobbar med i Sunnfjord, og ikkje minst kvifor det er viktig å bygge eit nettverk av unge ambisøse sunnfjordingar.

VELKOMMEN TIL LUNSJMØTE. 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet