Skip to content Skip to footer

Velkommen til Frukostsamling 3. november

Aksello Frukostsamling torsdag 3. november med interessant program – Nor Tekstil kjem for å fortelja om siste status og ikkje minst korleis dei henta heim avtale med lokalsjukehuset. Aksello informera om SVIA sine anbefalingar for Næringshage- og Inkubatorprogramma nasjonalt. Vi får høyre kva E-sport kan bidra med i høve trivsel, bulyst og tilflytting. Local Host fortel om si satsing og vidare planar, samt investeringsmuskelen VYRD. I tillegg kjem AOF Vestlandet og lærer oss om programmet Kompetansepluss.

Aksello inviterer til frukostsamling torsdag 3. november. Samlinga vert som vanleg i våre lokaler i Peak Florø. Frukostmøtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.30 (for dei som ønsker det), og så vert det interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Vi har denne gongen følgande program:

  •  Velkommen v/Aksello
  •  Nor Tekstil v/Ingrid Savang
  • Siva si anbefaling v/ Lone Bareksten
  • E-Sport v/ Frank Willy Djupvik
  • LocalHost og VYRD v/ Sindre Kvalheim
  • KompetansePluss v/ Hanna M.D Groot
  • Ordet Fritt

Merete Lunde frå Forskingsrådet vil vere tilgjengeleg utover dagen for møter med bedrifter. Ønskjer du eit møte med ho, så send ein e-post til andrea@aksello.no

Vi gleda oss til å sjå deg der, for læring, mingling og nettverksbygging. Vi skal sørge for god strømming av frukostmøtet, så du er velkommen til å delta på den måten om du ikkje kan møte fysisk. Strømming av frukostmøta finn du HER. Uansett, er det fint om du melder deg på så vi veit kor mange som vil ha frukost (sjå nedanfor)

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Meld deg på HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet