Skip to content Skip to footer

Grøn Vekst – strategi og rådgjeving for etablerte bedrifter

Med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga har vi satt i gang prosjekt Grøn Vekst. Dette er eit vekstprogram for etablerte bedrifter med Trond Økland som prosjektleiar.

– Vestland fylkeskommune har eit stort fokus på grøn næringsutvikling med mål om å vere utslippsfri i 2030. Vi har faktisk ikkje så god tid, seier Trond Økland.

Grøn Vekst er eit prosjekt som tilbyr strategisk individuell rådgjeving for etablerte bedrifter i regionen. Hensikten med prosjektet er å kartlegge bedrifta sine moglegheiter for omstilling og vekst i det grøne skiftet.

– Det er sjølsagt ei frivillig sak å ville vekse og utvikle seg, men det er viktig å tenke på at berekraft er eit konkurransefortrinn som bedriftene bør vere bevisst på, stadfestar han.

Gjennom prosjekt Grøn Vekst får bedriftene tilgang til profesjonell rådgjeving frå PWC samt tilgang til Aksello sine verktøy og verkemiddel for utvikling. 

Prosjektet går føre seg frå januar til juni og det er plass til 15 bedrifter totalt. I dag er det fleire som har meldt si interesse innan, blant anna industri- og entreprenørbransjen. Det er ein liten eigenandel, og eit stort utbytte for bedriftene som er med i prosjektet.

– Alle etablerte bedrifter kan melde si interesse. Det viktigaste er at dei har eit vekstpotensiale og eit ønske om å gå i denne retninga mot grøn utvikling, fortel Trond.

Vidare utvikling etter endt prosjekt

Etter endt prosjekt, vil bedriftene kunne ta vidare utviklingsarbeidet til neste nivå på eiga hand. Her kan vi i Aksello bistå bedriftene vidare i verkemiddelapparatet for å lukkast. I Aksello kan vi bistå med til dømes inkubatorprogram, miljø, finansiering og eit nettverk innan forsking og utvikling. Her finnast det både midlar og kompetanse som kan hentast inn for videreutvikling av ein konkret case. Det er også mogleg å søke om å få vere med i inkubatorprogrammet våra som knoppskytingprosjekt. Eit meget godt døme på ei slik knoppskyting er Retrams, som per i dag er i inkubasjonsprogrammet våra.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet