Skip to content Skip to footer

No kan du søke på kommunalt næringsfond i Kinn kommune 2020

Treng du støtte til investering eller bedriftsutvikling i di bedrift? Eller har du eit prosjekt som profilerer fleire bedrifter i Kinn kommune?

Kinn kommune sitt Næringsfond skal vere eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Kinn kommune. Løyvingar av fondet skal stimulere til å skape arbeidsplassar gjennom nyskaping og innovasjon i eksisterande næringsliv, og etablering av nye verksemder i kommunen.

Fondet dekkjer i hovudsak tre kategoriar tilskot: 

  1. Investeringstilskot – til investeringar i bygg, utstyr og maskiner. Det vert ikkje gitt stønad til oppføring av bygg. 
  2. Bedriftsutviklingstilskot – til etablerarstipend, kompetanseheving, produktutvikling, marknadsundersøkingar, planlegging, konsulenttenester og opplæring. 
  3. Kunnskapsretta infrastruktur – dette gjeld regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv, prosjekt og tiltak som kjem til nytte for næringslivet i kommunen/regionen og lokale analysar/utgreiingar. 

Alle søknader skal registrerast på www.regionalforvaltning.no for å bli behandla. Her må du opprette ein brukar, og fylle ut eit elektronisk skjema. 

Søknadsfrist er 31.12.2020, søknader til fondet vert kontinuerleg behandla gjennom året.

 

Kommunestyret i Kinn kommune har delegert til Aksello AS å forvalte det kommunale næringsfondet. 

Har du spørsmål til søknaden, ta gjerne kontakt med oss!

Kontaktperson: Lone Bareksten, dagleg leiar

E-post: lone@aksello.no

Tlf: 47262635 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet