Skip to content Skip to footer

Frode Nybø er Aksello sin nye forretningsutviklar

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Vi har fått eit nytt tilskot til temaet vårt og 1. april begynner Frode Nybø som forretningsutviklar hos Aksello.

Han har dei siste fem åra jobba som prosjektleiar for Helse Vest – IKT sine regionale prosjekt i region Vest og ser fram til å bli ein del av Aksello sitt nyskapande miljø.

– Det skal bli stas å bidra til vekst langs kysten og i fylket elles. Eg gler meg til å hjelpe verksemder med å lykkast med sine prosjekt, fortel han.

Som forretningsutviklar hos Aksello skal Frode ha tett oppfølging av inkubatorbedriftene og rettleie dei gjennom heile prosessen frå forretningsidé til marknad.

– Frode har eit brennande engasjement for nyskaping og ein solid bakgrunn i prosjektleiing. Han er ein dyktig teambyggjar og har god erfaring med tidleg pilotering og testing som er viktige suksessfaktorar for prosjekt i utvikling. Vi trur han vil vere ein veldig bra match for våre inkubatorbedrifter, og bidra til at dei når sine mål raskare, seier dagleg leiar Lone Bareksten.

Frode har ein master i informasjonsteknologi frå Queensland University of Technology i Australia og ein master i prosjektleiing frå BI. Han har ellers hatt ulike roller i Finansdepartementet og konsulentfirmaet CapGemini, inkludert prosjektleiar og konsulent. Frode var også ein av totalt 32 i heile landet som blei plukka ut til NFF UEFA-A lisens 2018/19, og mange kjenner han nok som den nye trenaren for Florø Fotball.

– Ja, det er jo veldig mange som vil prate med meg om fotball, men eg håper det vil vere heilt andre ting som er i fokus hos Aksello når folk kjem innom for å snakke med meg, smiler han.  

Frode vil jobbe fulltid som forretningsutviklar utanfor sesong, og 70% når fotballsesongen begynner for fullt.

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”6769″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row]

[vc_row][vc_column][vc_column_text css=”.vc_custom_1548091940427{padding-top: 20px !important;padding-right: 20px !important;padding-bottom: 20px !important;padding-left: 20px !important;background-color: #7499bf !important;border-radius: 1px !important;}”]

Har du ein idé eller eit prosjekt som du vil realisere

Vi står klare til å hjelpe deg med etablering og utvikling av eiga bedrift og innovasjon i etablert næringsliv.

Kontakt oss

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet