Skip to content Skip to footer

SkatteFUNN-kurs med digital prosjektverkstad 22. april

NB: prosjektverkstaden vil bli gjennomført digitalt

Har du planar om å utvikle eit nytt produkt, ei ny teneste eller har du ein idé om korleis bedrifta di kan produsere på ein smartare måte? Forskingsrådet arrangerer denne våren digitale SkatteFUNN-kurs med ein-til-ein samtalar i heile landet. Saman med Aksello, Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster inviterer vi til ein digital SkatteFUNN-dag onsdag 22. april.

På grunn av situasjonen med korona blir vårens SkatteFUNN-kurs, som var planlagt gjennomført i Florø onsdag 22. april, erstatta med eit digitalt kurs og ein-til-ein samtalar. Arrangementet er gratis, men du må melde deg på kurset og bestille ein-til-ein samtale med rådgjevar i Forskingsrådet om du ønskjer det.

Du får lære meir om SkatteFUNN og om korleis forsking og utvikling kan bli ein del av innovasjonsprosessen i bedrifta di. Kursdagen er todelt, og består av ein informasjonsdel og ein-til-ein møter. Vi går gjennom kva type utviklingsaktivitetar som er omfatta av ordninga, og du får eksempel på SkatteFUNN-prosjekt. Du får informasjon om kva du kan få økonomisk støtte til gjennom SkatteFUNN, og kva du må leggje vekt på i søknaden for å få godkjent prosjektet ditt. Det vert òg informert om endringar i ordninga frå nyttår 2020.

I ein-til-ein samtalane møter du rådgjevarar frå Forskingsrådet. Du kan få råd om korleis du set opp eit godt prosjekt og fyller ut eit søknadsskjema. Om du ikkje har idéen til SkatteFUNN-prosjektet ditt heilt klar, kan du lufte den med rådgjevarane. Du må krysse av for ein-til-ein samtale i påmeldingsskjemaet om du ønskjer individuell rådgjeving.

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som utviklar nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar som er til nytte for bedrifta. Søknadar til ordninga har problemstillingar innanfor alle fagområde. SkatteFUNN vert administrert av Forskingsrådet, i samarbeid med Skatteetaten. Du finn meir informasjon om ordninga her: SkatteFUNN

Meir informasjon om programmet 22. april finn du i påmeldingslenka. Frist for påmelding er 17. april.

Meld deg gjerne på i dag! Meld på

Velkommen!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet