Gjekk du glipp av årets store lokale investeringsmogleheit?

 

Sidan Covid-19 satte ein stoppar for ei fysisk samling og live-pitch frå scena, har du no moglegheita til å sjå alle pitch’ane i opptak, kanskje noko du kunne tenke deg å investere i? Sjå Kapitaldag.no for pitcher og kontaktinfo til dei spanande oppstartsselskapa.

 

Stor interesse for årets Kapitaldag

Årets Kapitaldag gjekk av stabelen 19. november. I år vart arrangementet heildigitalt grunna Covid-19 og arrangørane sendte live frå studio på Larris Scene, Sunnfjord Hotel i Førde.

Kapitaldagen blei arrangert for 4. året på rad og det var svært positivt å registrere at heile 16 oppstartsselskap ynskte å presentere seg for investorar og andre interessentar. Med høg påmelding også blant investorer og andre interesenter viser dette at Kapitaldagen er blitt ein etablert og viktig arena for målgruppene. Programmet var rigga med attraktive kapital- og kompetanse miljø, og spennande grundercase. At streaminga hald på sitt høge antal deltakarar gjennom heile programmet  tyda på at programmet var spissa og relevant.

Klar til direktesending frå Larris

Klar til direktesending frå Larris

Spennande selskap frå Aksello inkubator

Frå inkubatoren i Aksello var det 5 selskap som presenterte seg, i tillegg til Dimeq som tidlegare har vore tilknytta inkubatoren. Norwegian Seaweed Production AS, Nekst AS og Evoy AS presenterte seg som investorklare selskap. Retrams AS med si nye helsesatsning og Akkommod AS presenterte seg under bolken ‘Nye spennande grundercase’. 

Grunna smittevern tiltak og begrensa med tid i eit digitalt arrangement, så fekk dessverre ikkje selskapa i dag presentere seg live frå scena. Grunderane spelte inn presentasjoner på førehand og det blei gitt ein kort presentasjon under livesendinga med oppfordring om at kapitalmiljø og andre interessentar gjekk inn på Kapitadagen og såg dei fulle presentasjonane. 

I etterkant av arrangmentet var det mulegheit for oppstartsselskapa å booke møter med kapitalmiljø og kompetanse frå det offisielle programmet. Sjå meir info om Kapitalmiljøet på Kapitaldag.no.

Vi er klare for Kapitaldagen 2021

Til tross for eit vellykka digitalt arrangement, ser vi fram til å kunne gjennomføre Kapitaldagen 2021 på ein fysisk arena, der grunderane kan pitche for ein fullsett sal og ein kan møtast over ein kaffikopp i pausane.

Aksello takkar sine medarrangørar Innovasjon Norge Vestland, Kunnskapsparken Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd og NHO Vestland for eit godt samarbeid. Vi gler oss til Kapitaldagen 2021 😊

Gjekk du glipp av arrangementet? Gå inn på her og sjå sendinga i opptak.

Aksello har plass til nye, innovative verksemder som ynskjer hjelp til etablering og vekst. Vil du vite meir om dette, så ta kontakt med inkubatorleiar Vanja Viken.