Hjørnesteinsbedrifta New Havyard Ship Technology AS i Hyllestad planlegg å nedbemanne med ca. 100 personar i 2021. Mange av dei som står i fare for å verte oppsagde sit på svært god kompetanse, som kan være attraktiv andre plassar. Hyllestad kommune, med gode prosjektpartnarar, vil difor gripe denne moglegheita til å skape knoppskyting i etablerte, lokale verksemder og nystarting av selskap med nye forretningsidear.
![Arne Olsen](https://aksello.no/wp-content/uploads/2020/12/0186-Arne-Liten-300x300.jpg)
Som prosjektleiar har Hyllestad valt Aksello ved seniorrådgjevar Arne Olsen. Han skal det nærmaste året leie ei prosjektgruppe som elles har representantar frå leiinga og dei tilsette i Havyard, det lokale akvakulturselskapet Akvahub, Gulen og Masfjorden Næringshage i tillegg til kommunen sjølve.
«Eit spanande prosjekt», seier Arne Olsen. «Vi har fått mange gode krefter med på laget, og vi kjem mellom anna til å ta kontakt med bedrifter frå Gulen i sør til Kinn i nord for å sjå om den frigjevne kompetansen frå Havyard kan nyttast til vekst i andre bedrifter. Vi snakkar om mange dyktige folk, frå rekneskapsmedarbeidarar til sveisarar, elektrikarar og innkjøparar».
Om nokon allereie er interessert, så ta kontakt på e-post arne@aksello.no eller telefon 97573599.
Sjå elles pressemelding om prosjektet her: 201217 Hyllestad pressemelding.