Aksello flyttar til nye lokalar

Første veka i februar står dei splitter nye kontora våre klare til innflytting, og vi i Aksello teamet gler oss til å flytte inn i Peak Florø sitt kontorfellesskap. Peak Space er starta av gründerar som har sett viktigheita av å dele, samarbeide og bygge gode økosystem. Dei legg no til rette for inspirerande kontorfellesskap fleire stadar i vår region som Førde, Sandane, Måløy og Florø.

Vi har trua på at å samlast og bygge gode miljø mellom næringsaktørar skapar synergiar. Det er viktig for oss at vi kan tilby eit godt nettverk til våre gründerar og samarbeidspartnerar, men og viktig at vi no tek med oss vårt økosystem inn i Peak sitt miljø.

Aksello tilbyr forretningsutvikling til eksisterande næringsliv som ynskjer å utvikle og omstille si bedrift både lokalt og regionalt. Og vi tilbyr prosjektleiing for næringsutviklingsprosjekt i heile regionen. Gjennom Siva sitt inkubatorprogram hjelper vi mellom 20-30 innovative, nystarta bedrifter kvart år til å utvikle nye arbeidsplassar og berekraftig verdiskaping i regionen vår. I tillegg leverer vi næringsutviklingstenester lokalt for Kinn kommune og er første kontakten til dei som ynskjer å starte ny bedrift. Vi trur at det å vere ein del av eit kontorfellesskap som det Peak representer vil tilgjengeleg gjere våre tenester til næringslivet betre. Saman med Peak kan vi legge til rette for gode samarbeid både når det gjeld å utvikle økosystemet og legge til rette for gode finansieringsmoglegheiter for bedriftene vi hjelper.

Vi har hatt det veldig bra i lokala våre i 4. etg i Kvartalet i Florø sentrum. Vi kan mimre tilbake til fullstappa frukostmøtesamlingar og mykje kjekk og nyttig mingling der nettverk og deling var tanken bak utforminga og bruken av lokala. No ser vi at det kjem til å ta tid før vi kan arrangere samlingar på den same måten igjen og det var derfor heilt rett for oss no å ta steget vidare til Peak og heller finne gode løysingar i lag for framtidas møteplassar.

Det er og veldig viktig for oss at vi får lagt godt til rette for dei bedriftene vi har med oss og som i lengre periodar sitt hos oss når dei utviklar ideane sine. Dei skal ha tilgang til gode kontorfasilitetar og nettverksarenaer som vil gje dei rette effektane i utviklingsarbeidet. Det er derfor avgjerande at vi no får tilpassa eit areal i Peak-miljøet som desse flinke gründerane kan trivast og utvikle seg vidare i.

Vi ser fram til å sjå deg i dei nye lokala våre i 1. etg i Peak Florø om ikkje så lenge. Vi gler oss og til å få invitere deg til nettverksbygging og kjekke samlingar att når ein har kontroll på virus-situasjonen. I mellomtida håpar vi å høyre frå deg på telefon, e-post eller gjerne eit videomøte om du har ein forretningside eller tenkjer at vi kan hjelpe deg med berekraftig utvikling av framtidas arbeidsplassar.