Sokalla «forretningsenglar» er privatinvestorar som investerer kapital i tidlegfaseselskap («start-ups»), og som i tillegg ofte bidreg med sin kompetanse og sitt nettverk. Mange «englar» har gjerne starta, utvikla, leia og eventuelt solgt selskap sjølve, og har ofte eit samfunnsengasjement og eit ynskje om å bruke seg sjølv meir på tidlegfasearenaen. Samstundes er det ei rekkje store internasjonale undersøkingar som viser at ein ved å bygge ei diversifisert portefølje av tidlegfaseinvesteringar, kan oppnå god avkastning.

I bl.a. Bergensregionen (sjå www.banbergen.no) har det vore etablert eit slikt nettverk sidan 2015, som per mai 2019 tel omlag 50 medlemmer, og som har investert meir enn 50 millionar kroner i meir enn 25 selskap. Eit av selskapa i porteføljen er nyleg blitt solgt vidare til industriell aktør, med hyggeleg gevinst for engleinvestorane (salsverdi 400%, dvs. 3x investert beløp i brutto avkastning).

Vi ser no på grunnlaget for etablering av eit forretningsenglenettverk i Sogn og Fjordane, og vi vil i løpet av dei neste vekene kontakte potensielle deltakarar.

Om du ynskjer å høyre meir om dette, ta kontakt (frode@aksello.no / 406 34 010).

Vi gjentar suksessen frå i fjor og inviterer til ein innhaldsrik kapitaldag på Sunnfjord Hotell i Førde 17. september. Tema for dagen er innovasjon, kapital og vekst i næringslivet!

Denne dagen møtast spennande investormiljø på vestlandet, etablert næringsliv og oppstartselskap som søkjer kunnskap om eller finansiering av sine idear og prosjekter.

Sjekk ut program og påmelding her: Kapitaldagen i Sogn og Fjordane 2019

Har di bedrift for kapital til vidare vekst og kan vere ei interessant investering for ein investor? Det er plass til at utvalde bedrifter kan få pitche for investorane under arrangementet. Dette melder du din interesse for i påmeldingslenka.

Frist for å melde seg på pitch er 01.09.19.

Arrangørar er Innovasjon Norge Vestland, Sogn og Fjordane Næringsråd, NHO Vestland, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og Aksello.