Innlegg

Vi har fått eit nytt tilskot til temaet vårt og 1. april begynner Frode Nybø som forretningsutviklar hos Aksello.

Han har dei siste fem åra jobba som prosjektleiar for Helse Vest – IKT sine regionale prosjekt i region Vest og ser fram til å bli ein del av Aksello sitt nyskapande miljø.

– Det skal bli stas å bidra til vekst langs kysten og i fylket elles. Eg gler meg til å hjelpe verksemder med å lykkast med sine prosjekt, fortel han.

Som forretningsutviklar hos Aksello skal Frode ha tett oppfølging av inkubatorbedriftene og rettleie dei gjennom heile prosessen frå forretningsidé til marknad.

– Frode har eit brennande engasjement for nyskaping og ein solid bakgrunn i prosjektleiing. Han er ein dyktig teambyggjar og har god erfaring med tidleg pilotering og testing som er viktige suksessfaktorar for prosjekt i utvikling. Vi trur han vil vere ein veldig bra match for våre inkubatorbedrifter, og bidra til at dei når sine mål raskare, seier dagleg leiar Lone Bareksten.

Frode har ein master i informasjonsteknologi frå Queensland University of Technology i Australia og ein master i prosjektleiing frå BI. Han har ellers hatt ulike roller i Finansdepartementet og konsulentfirmaet CapGemini, inkludert prosjektleiar og konsulent. Frode var også ein av totalt 32 i heile landet som blei plukka ut til NFF UEFA-A lisens 2018/19, og mange kjenner han nok som den nye trenaren for Florø Fotball.

– Ja, det er jo veldig mange som vil prate med meg om fotball, men eg håper det vil vere heilt andre ting som er i fokus hos Aksello når folk kjem innom for å snakke med meg, smiler han.  

Frode vil jobbe fulltid som forretningsutviklar utanfor sesong, og 70% når fotballsesongen begynner for fullt.

Team Aksello: Frå venstre seniorrådgjevar Arne Olsen, inkubatorleiar Vanja Viken, dagleg leiar Lone Bareksten, forretningsutviklar Frode Nybø og rådgjevar Heidi Felle.

Har du ein idé eller eit prosjekt som du vil realisere

Vi står klare til å hjelpe deg med etablering og utvikling av eiga bedrift og innovasjon i etablert næringsliv.

Kontakt oss

Torsdag den 28. februar har Aksello invitert eit 50-tals aktørar frå havbruksnæringa i Sogn og Fjordane til stort møte i Florø. Der vil deltakarane komme tettare på Høgskulen på Vestlandet si havbrukssatsing, Fagskulen sine tilbod og det nye Måløy Marine Ressurssenter.

I tillegg blir det «kick-off» for eit nytt, stort havbruksprosjekt støtta av Flora kommune, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Prosjektet skal bidra til å løyse den store utfordringa:

Korleis få enda meir verdiskaping og sysselsetting i havbruksnæringa i regionen?

Vi har allereie mykje bra innan næringa, men kan vi bli betre på ting som:

  • Vidareforedling
  • Innovasjon, forsking og utvikling
  • Logistikkløysingar
  • Nye artar innan akvakultur
  • Nye råvare-kjelder
  • Nye/betre utdanningar og studier, og fleire studentar
  • Rekruttering av kompetanse og personell
  • Globalisering
  • og meir?

Svaret ligg truleg mange stadar, mellom anna i eit betre samarbeid mellom næringsaktørane, og mellom dei og lokale myndigheiter, investorar og akademia. Og kanskje meir samlokalisering; skal vil etablere eit «Laksens hus»? Og korleis skal vi ha gode partnarskap med andre aktørar langs kysten, som til dømes dei nye Katapult-sentra både nord og sør for oss?

Prosjektet startar med eit 6-månaders forprosjekt. Aksello vil stille til rådvelde ein prosjektleiar, og det er venta at aktørane vil sette ned ei prosjektgruppe med representantar frå dei ulike bedriftene og organisasjonane som skal delta på møtet den 28.

Dette blir spanande!

–  For kvar einaste gode idé og prosjekt er det ein ting som er essensielt, og det er det første møtet: møtet mellom enkeltindivid. Det er mykje fantastisk som kan skje etter det.

Dette sitatet frå direktør Jan Olav Baarøy frå Fredskorpset runda torsdagens første møte, den månadlege samlinga hos Aksello, der dei frammøtte fekk bli betre kjend med Fredskorpset, Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, den lokale og globale aktøren Norwell og inkubatorbedrifta Nekst.

Frukostsamling | Aksello
Elevane frå Green Plastic UB.

Green Plastic UB – status og vegen vidare

Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, som nyleg deltok på NM for Ungdomsbedrifter nominert i kategorien sosialt entreprenørskap, heldt det første innlegget. Tre elevar frå Florø Vidaregåande skule, Njål Eliassen, Martin Ulsten og Viljar Ødelien, starta med å fortelje kva som inspirerte dei til å ta fatt på det enorme miljøproblemet med plast. Inspirasjonskjelda var prosjektet Precious Plastic, starta av nederlendaren Dave Hakkens, som fritt deler kunnskap og verktøy på nett som skal setje ein stopper for plastforureining. Der fann elevane mellom anna teikningar på to maskiner som dei har fått konstruert for å gjenvinne plast til ulike produkt, til dømes mobildeksel. Gode prosjekt kan, slik dei demonstrerer, også oppstå i møte med andre idéar og føre til positive ringverknader og arbeidsplassar andre stader, i India og Nkhotakhota i Malawi, der dei er involvert i samarbeidsprosjektet Green Plastic Nkotakhota.

Frukostsamling | Aksello
Ingrid Kassen, Norwell.

Norwell AS – lokal aktør i ei global verd

Administrerande direktør Ingrid Kassen frå eksportselskapet Norwell snakka om deira tette samarbeid med lokale oppdretterar og slakteri/pakkestasjonar for å møte krava til den internasjonale marknaden. Selskapet omset årleg ca. 25 000 tonn laks til ein verdi på ca. 1,2 milliardar kroner. I presentasjonen av bedrifta, kunne ho også avsløre at dei jobbar med spennande utviklingsprosjekt i kjølvatnet av marknadsendringar og nye, meir effektive maskiner for foredling av laks.

Frukostsamling | Aksello
Martin Ramsdal, Nekst.

Nekst AS – milepæl nådd og vegen vidare

 

Dette er på ingen måte ei månelanding, men det vi gjer er å ta i bruk teknologi på nye måtar.

– Martin Ramsdal

Det er gjerne ikkje ei månelanding for Nekst, men likevel eit stort steg for inkubatorbedrifta då dei endeleg fekk svar frå Fiskeridirektoratet om at søknaden deira for sjømerdar i Solund Kommune har komme gjennom nålauge. Partnar Martin Ramsdal hadde gleda av å fortelje meir om den gode nyheita på Frukostsamlinga i dag og gjekk nærmare innpå korleis sjømerdane skal fungere i praksis og saman med landanlegget planlagt på Botnastranda i Florø. Om prosjektet vert realisert slik dei planlegg med 16 konsesjonar, vil det bidra til 100 nye arbeidsplassar i fylket.

Frukostsamling | Aksello
Jan Olav Baarøy, Fredskorpset.

Fredskorpset – på lag med næringslivet

Ny direktør i Fredskorpset, Jan Olav Baarøy, tok turen frå Førde for å presentere «vår nye nabo» og korleis dei ynskjer å spele på lag med næringslivet. Dette gjer dei mellom anna gjennom å gi økonomisk støtte til utveksling mellom bedrifter i Norge og andre land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Fredskorpset ser at denne forma for kompetansedeling er veldig nyttig og lærerik for bedriftene, og oppfordra om å ta kontakt med dei om ein ynskjer å søkje om tilskot. Meir info om støtte til utveksling her.

Frukostsamling | Aksello
Jørgen Berg, Innovasjon Norge.

Ordet Fritt

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge informerte om at Innovasjon Norge no gir tilskot til pilot og demonstrasjon for framtida sine havbaserte løysingar. Meir info om tilskotet og søknadsprosessen her. 

Neste Frukostmøte

Neste Frukostmøte vert torsdag 7. juni. Om du har forslag til tema og foredragshaldarar, så høyrer vi gjerne frå deg. Kontakt arne@aksello.no.

 

Ynskjer du invitasjon til vår neste Frukostsamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.

Kinn kommune var tema for Frukostsamlinga 5. april og Rolf Bjarne Sund frå Kinn kommune og Øyvind Reed frå Måløy Vekst trakk fram engasjement frå næringslivet som ein viktig nøkkel for å skape ein sterk kystkommune.

Men før innlegga kunne begynne hadde Sparebanken Sogn og Fjordane med ei overrasking til Aksello, ei gåve på kr. 150 000 kr.

Gjennom frukostmøte har de skapt ein viktig møteplass for næringslivet der dei kan komme å bli kjent med kvarandre, finne nye kundar og leverandørar og få inspirasjon. Vi ynskjer å heie dykk fram i det gode arbeidet som de gjer slik at de kan fortsette med det som de er flinke på og få sterkare musklar til å jobbe nord-, sør- og innover, sa Jan Nordem Knudsen, som overrekte gåva på vegne av banken.

Dagleg leiar Lone Bareksten takka så mykje for gåva som Aksello set umåteleg stor pris på. Vi er i vårt 5 år med frukostmøter og vil halde fram med det månadlege morgonritualet vårt som vi ser har blitt ein viktig møteplass for eit nyskapande næringsliv.  

–  No håpar eg det vert høgare smørbrød på neste frukostmøte, spøkte Rolf Bjarne Sund som heldt frukostmøtet sitt første innlegg.

frukostsamling aksello

Kinn kommune v/ prosjektmedarbeidar Rolf Bjarne Sund

Sund var den første tilsette i Kinn kommune og kunne fortelje at å jobbe med kommunesamanslåinga er den mest morosame jobben han har hatt så langt i si karriere.

– Det er ein artig, krevjande og kompleks prosess, men her er mange moglegheiter for samfunns- og næringsutvikling i Kinn kommune, påpeika han.

Sund presenterte korleis dei no arbeider med organiseringa av den nye kystkommunen med fellesnemnd, rådmann Terje Heggheim og ulike utval som skal føre kommunen på rett kurs fram mot kommunesamanslåinga 01.01.2020. Han la vekt på at Kinn kommune ynskjer å vere ein aktiv utviklingsaktør og oppfordra næringslivet til å ta kontakt.

Om vi skal leggje til rette for næringsutvikling, så treng vi innspel frå dykk. Sit ikkje i ro, men ver med og delta. Vi ynskjer at de tek kontakt med oss og er med å påverke det som skal skje framover, oppfordra han.

Blant utvala dei har oppretta har eitt av dei ansvar for “Næringsutvikling, næringsselskap, hamn, KF og eigarskap”. Øyvind Reed som er styreleiar i Måløy Vekst sit i dette utvalet og var med på samlinga for å fortelje om korleis det nye næringsselskapet i Måløy vil jobbe med utvikling og vekst i framtida sin kystkommune.

Frukostsamling Aksello
Rolf Bjarne Sund, Kinn kommune

Måløy Vekst v/ styreleiar Øyvind Reed

Dei to næringsselskapa i Kinn kommune, Aksello og Måløy Vekst, vil ha eit tettare samarbeid for næringsutvikling i regionen vår, og frukostmøte var såleis ei god anledning for dei frammøtte til å bli betre kjend med nye Måløy Vekst. Tidlegare dagleg leiar for Nordfjord Vekst, Randi P. Humborstad, som vi og kjenner frå Stadt skipstunell-prosjektet, er tilsett  som dagleg leiar for Måløy Vekst, og selskapet har fått eit heilt nytt styre. Styreleiar Øyvind Reed fortalde om modellen til selskapet og korleis dei ynskjer å arbeide for å skape vekst og engasjement på kysten. 

Lokalt engasjement er avgjerande for at vi skal lykkast og vi ynskjer at flest mogeleg engasjerer seg, understreka Reed.

For å få til dette har dei organisert Måløy Vekst i ulike underutval ut i frå forskjellege bransjar: Handel/Turisme, Marine/Maritime, IKT, Prosess og industri, og sal og marknadsføring.

–  Slik kan kvar enkelt jobbe med det dei brenn for og vi kan dele kompetanse på tvers av dei ulike industriane vi jobbar i og lære av kvarandre, forklarte han.

Ei anna spennande satsing er Måløy marine ressurssenter, eit lokalt forankra forsking- og utviklingsmiljø, som samarbeider tett med næringslivet i utvikling av nye produkt.

Frukostsamling Aksello
Øyvind Reed, styreleiar for Måløy Vekst

Reed avslutta sin presentasjon med å snakke litt meir om det samarbeidet Måløy Vekst og Aksello ser føre seg i framtida. Dialogen er allereie i gang og dei ser at Aksello kan bidra sterkt til gründermiljøet i Vågsøy med sin førstelinjetenesete og inkubator.

– Vi ser at vi treng kompetanse og ressursar for å fange opp gode idéar og gründerar i startfasen og hjelpe dei gode prosjekta eit steg vidare. Her har Aksello eit godt opparbeida miljø og kompetanse som vi kan dra nytte av, fortalde Reed.

– Vi er to forskjellige selskap som kompletterer kvarandre godt. Eit eksempel er satsinga på FoU i næringslivet der Måløy Vekst no er i full gang med realisering av MMR (Måløy Maritime Ressurssenter). Vi kan lære mykje av den kompetansen som dei sit på, så dette samarbeidet ser vi verkeleg fram til, avslutta Bareksten på vegne av Aksello.

Ordet Fritt

Under Ordet Fritt minna Øyvind Østrem frå Høgskulen på Vestlandet om at søknadsfristen for å søkje studieplass hos dei er 15. april. Hjelp dei gjerne å spreie ordet!

Aksello inviterer til Gründersamling hos oss 11. april. Mål for kvelden er å bidra til inspirasjon, motivasjon og nettverksbygging blant gründerar og idéskaparar i vår region. Etter presentasjonane blir det god mat og mingling! Samlinga er gratis og open for alle – og du kan melde deg på her.  

Maritime Forening Sogn og Fjordane arrangerer nettverkssamling for næringsaktørar som arbeider for verdiskaping i havrommet 18.-19. april. Nettverkssamlinga arrangerast på Kviknes hotel i Balestrand og er open for alle verksemder, ikkje berre dei som er medlem i Maritim Foreining Sogn og Fjordane. Meir info her.

Neste Frukostsamling 3. mai

Neste Frukostsamling vert 3. mai. Om du har innspel til tema du vil vi skal ta opp eller har tips til interessante foredragshaldarar, kan du tipse dagleg leiar Lone Bareksten på lone@aksello.no.

Vi sjåast på neste Frukostsamling!