Innlegg

Vi har fått eit nytt tilskot til temaet vårt og 1. april begynner Frode Nybø som forretningsutviklar hos Aksello.

Han har dei siste fem åra jobba som prosjektleiar for Helse Vest – IKT sine regionale prosjekt i region Vest og ser fram til å bli ein del av Aksello sitt nyskapande miljø.

– Det skal bli stas å bidra til vekst langs kysten og i fylket elles. Eg gler meg til å hjelpe verksemder med å lykkast med sine prosjekt, fortel han.

Som forretningsutviklar hos Aksello skal Frode ha tett oppfølging av inkubatorbedriftene og rettleie dei gjennom heile prosessen frå forretningsidé til marknad.

– Frode har eit brennande engasjement for nyskaping og ein solid bakgrunn i prosjektleiing. Han er ein dyktig teambyggjar og har god erfaring med tidleg pilotering og testing som er viktige suksessfaktorar for prosjekt i utvikling. Vi trur han vil vere ein veldig bra match for våre inkubatorbedrifter, og bidra til at dei når sine mål raskare, seier dagleg leiar Lone Bareksten.

Frode har ein master i informasjonsteknologi frå Queensland University of Technology i Australia og ein master i prosjektleiing frå BI. Han har ellers hatt ulike roller i Finansdepartementet og konsulentfirmaet CapGemini, inkludert prosjektleiar og konsulent. Frode var også ein av totalt 32 i heile landet som blei plukka ut til NFF UEFA-A lisens 2018/19, og mange kjenner han nok som den nye trenaren for Florø Fotball.

– Ja, det er jo veldig mange som vil prate med meg om fotball, men eg håper det vil vere heilt andre ting som er i fokus hos Aksello når folk kjem innom for å snakke med meg, smiler han.  

Frode vil jobbe fulltid som forretningsutviklar utanfor sesong, og 70% når fotballsesongen begynner for fullt.

Team Aksello: Frå venstre seniorrådgjevar Arne Olsen, inkubatorleiar Vanja Viken, dagleg leiar Lone Bareksten, forretningsutviklar Frode Nybø og rådgjevar Heidi Felle.

Har du ein idé eller eit prosjekt som du vil realisere

Vi står klare til å hjelpe deg med etablering og utvikling av eiga bedrift og innovasjon i etablert næringsliv.

Kontakt oss