Skip to content Skip to footer

Ny inkubatorbedrift – Akkommod

Akkommod held til i Svelgen, og utviklar ein prosess og ei teknologisk løysing som skal forhindre sjukemelding og tilrettelegge for at sjukemeldte kjem raskare tilbake i jobb. Ein ser eit stort potensiale mot yrker med mange ansatte og høg sjukemeldingsgrad, eks pleie- og omsorgssenter, barnehagar og andre arbeidsplassar i helse- og sosialsektoren, nasjonalt og internasjonalt.

Selskapet er i gang med eit pilotprosjekt for test av løysing i samarbeid med Pleie- og omsorgssenter i Bremanger og Kulatoppen Bu- og Omsorgssenter i Kinn kommune.  Silje Mæland, forskar ved UiB (Institutt for global helse og samfunnsmedisin) skal delta i prosjektet og bidra med kompetanse inn på måling av effekt, samt avdekke forbetringspotensiale i ny prosess og løysing.

Gründer Asle Jonny Førde 35 års erfaring som fysioterapeut. Han har brei erfaring med yrkesrelaterte belastningsproblem og har jobba mykje innanfor institusjonar i pleie og omsorg sektoren.

Aksellos rådgjeving på forretningsutvikling, miljø og nettverk var viktige årsaker til at eg søkte om medlemskap i inkubatoren, seier Asle Jonny Førde.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet