survey-aksello-siva

Gode resultat frå SIVA si kundetilfredsheitsundersøking 2020

SIVA gjennomfører kvart år ei kundetilfredsheitsundersøking blant selskapa som deltek i inkubatorar i Norge. Aksello er svært glad for at kundetilfredshetsundersøkinga for 2020 viser gode resultat. Inkubatoren scorar betre enn programgjennomsnittet på samtlige indikatorar, noko som vår oppdragsgjevar, SIVA, har bemerka. 

Dette seier Siva i sin tilbakemelding:

«Det er en svært positiv utvikling. Aksello har hatt betydelig økning både i kundetilfredshet og addisjonalitet frå 2019 til 2020 og scorer no bedre enn programgjennomsnittet på alle grupper av indikatorer. Siva legger spesielt merke til at andelen bedrifter som oppgir høy addisjonalitet nå utgjør to tredjedeler av respondentene. Siva ønsker å gi Aksello ros for å ha økt antall respondenter i kundetilfredshetsundersøkelsen, og det er gledelig å se den positive utviklingen på både kundetilfredshet og addisjonalitet.»

Det er svært viktig for oss at selskapa som deltek i inkubatorprogrammet opplev det som nyttig for deira utvikling. Vi har eit kontinuerlig fokus på å tilby tenester som dekker selskapa sine behov, og kundetilfredshetsundersøkinga er viktig for utvikling av tilbodet vårt, seier inkubatorleiar, Vanja Viken. 

 I tillegg til score over landssnittet, legg SIVA særskilt vekt på andelen bedrifter hjå Aksello som oppnår høg addisjonalitet. Addisjonalitet tyder at inkubatoren, og hjelpa frå Aksello, har vore avgjerande for at selskapet og utviklinga har gått i positiv retning.

Vanja-Viken-inkubator-aksello

Inkubatorleiar Vanja Viken

Kontinuerleg arbeid med å finne ut kva behov bedriftene og gründerane har i høve kor dei er i utviklinga av forretningsideen trur vi er avgjerande. Og ikkje minst av vi utviklar oss og legg til rette utifrå det behovet bedriftene har. I tillegg aukar vi heile vegen kunnskap og kompetanse på dei områda vi må vere gode på i tilbakemeldingane og rådgjevinga vi gjev våre bedrifter.  

Det er fleire plassar i inkubatorprogrammet! Har du ein idè? Ta kontakt med oss her!