Norwegian Seaweed Production klar for neste fase

Norwegian Seaweed Production AS (NSP), med gründer Torstein Christiansen, Svein Vindenes og Tor Arne Vindenes, kom inn i Aksello sitt inkubatorprogram med stor entusiasme og sterkt pågangsmot i 2016. 

“Gründerane presenterte ein spanande forretningside for å hauste og nytte råstoff i naturen på ein berekraftig og miljøvenleg måte, og såg Aksello sin kompetanse og nettverk nyttig for deira vidareutvikling.” seier inkubatorleiar Vanja Viken. 

Miljø og berekraft

NSP utviklar innovative metodar innan hausting og prosessering av norsk stortare, og deira overordna målsetting er å utnytte naturlege ressursar på best mogleg måte for miljøet og sikre kvalitet i råvarer. Den nye metoden tar omsyn til den marine økologien samtidig som ein reduserer utslepp. NSP har eit sterkt fokus på miljø og berekraftig produksjon og utnytting av råvareressursar.

 

nowergian seaweed production-grundere

Gründere unnar seg ein velfortent lunsj! f.v Torstein Christiansen, Tor Arne Vindenes og Svein Vindenes. Foto: NSP

“Det å bli ein del av eit miljø som Aksello inkubator var svært nyttig for oss.» seier Svein Vindenes. «Med tilgang til rådgjevarar ein kunne å diskutere viktige veival med, utarbeide gode framdriftsplanar og møte andre oppstartsselskap, gav verdi både fagleg og sosialt.” fortset Vindenes.

NSP-seaweed-production-aksello

Bildetekst: Svein Vindenes på feltarbeid. Foto: NSP

Milepålar

I løpet av inkubatorperioda i Aksello har NSP oppnådd fleire store milepålar. 

Hausting av stortare i Norge er regulert av Fiskeridirektoratet og selskapet fekk innvilga tillatelse til opptak av 30 000 tonn pr år i 10 år. Dette var avgjerande for tilrettelegging av FoU aktivitet og vidareutvikling av selskapet sine produkt og tenester.  

Selskapet fekk også tidleg på plass ein viktig intensjonsavtale med internasjonal kunde om sal av tørka stortare. Norsk stortare er særskilt eigna for produksjon av Alginat, som er eit verdifullt stoff som har ei lang rekke med nytteområde innan helseprodukt, medisin, mat, næringsmiddel og industri i eit globalt marknad. Det pågår dialog med fleire potensielle kundar, både nasjonalt og internasjonalt.

Norwegian Seaweed Production-AkselloI den neste fasa skal NSP realisere eit fullskala demoanlegg og har fått på plass den siste store milepålen som er finansiering tilbudd gjennom Innovasjon Norge – 7 millionar i innovasjonstilskot og 11,5 millionar i innovasjonslån.

“Kunnskapen og nettverket Aksello sit på, har vore heilt avgjerande for oss og utviklinga vi har oppnådd i NSP! Dei har bistått med alt frå strategisk rådgjeving til søknadsskriving og vår hovudrådgjevar i inkubator, Knut Eikeland, har vore ein viktig ressurs for oss.” fortel Torstein Christiansen, dagleg leiar i NSP. 

Gründerane har fått med seg Astraguard Group AS, Ekb Aps og Drønen Havfiske AS inn på eigarsida, dei har fått på plass eit godt styre, viktige samarbeidspartar på kunde og leverandørsida og er no godt rusta til å ta den vidare utviklinga på eigen hand. 

“Det er svært viktig for oss at selskapa i inkubator får nytte av dei tenestene vi tilbyr og noko av det viktigaste inkubatoren gjer er å avklare med selskapet kva behov dei har til ei kvar tid for å til rette legge for den beste støtta gjennom våre virkemidlar.” seier Viken. 

«Det er godt å høyre at NSP har hatt særs god nytte av rådgjevarfunksjon, finansiering og nettverket. Vi er stolte over kva NSP har oppnådd og ynskjer dei lykke til med den neste fasa.” held ho fram. 

Sjølv om NSP no går ut av inkubatoren, vil selskapet fortsett ha tilknyting til nettverket i Aksello som Alumni inkubatorbedrift. 

Ynskjer du å diskutere din forretningsidè med rådgjevarar i Aksello? Ta kontakt med oss her!