Etter at petroleumsnæringa gjekk inn i rolegare farvatn har dei marine næringane blitt eit viktig satsingsområde for nyskaping og næringsutvikling. Det er ikkje utan grunn at den blå åkeren har blitt kalla for den nye olja, og at der er optimisme å finne merker vi også her hos oss i Aksello. Både gjennom førstelinjetenesta og inkubatoren vår kjem mange nye idear og prosjekt som rører seg i havrommet.

Framover vil vi vise dette gjennom artikkelserien: “Havrommet”. Den tek mellom anna for seg spennande startups i inkubatorprogrammet vårt, interessante tema som forsking og utvikling innan akvakultur, og sentrale spørsmål som “Kva skjer med Pelagia-anlegget?”.

Første startup i føljetongen er Norwegian Seaweed Production AS som ser nye moglegheiter i taren.

 

Norwegian Seaweed Production AS

Norwegian Seaweed Production (NSP) er eit gründerprosjekt som utviklar ein ny metode for hausting og prosessering av tare, også kalla makroalgar. Den innovative metoden er basert på vitskap frå Havforskingsinstituttet og Sintef, dialog med aktørar innan overvaking og forvaltning, samt eiga erfaring med hausting av marine makroalgar.

Verksemda består av tre eigarar, Torstein Christiansen, Svein Vindenes og Tor Arne Vindenes, og dagleg leiar Ruth Berit Hjellum. Sidan oppstart har dei jobba med å kartlegge korleis ein kan bruke marine algar som råstoff, og undersøkt økologiske forhold for uttak av algar/tare og metoder for dette. Gjennom kartlegginga har dei funnet nisjar med rom for betre nyttegjering av ressursane, både ved hausting, foredling og ved nyttegrad av råstoffet.

 

Berekraftig produksjon – eit konkurransefortrinn for Norge

Når det gjeld uttak av tare/makroalgar blir Norsk forvaltning brukt som eksempel på god skikk i andre delar av verda, der dei også haustar algar. Tareindustrien i Norge er likevel ung, samanlikna med store delar av Europa og ikkje minst Asia. Her er stor forskingsaktivitet innan feltet, men utfordringane er å omsette spennande funn til praktiske og økonomisk prosjekt som let seg gjennomføre.

NSP har stor tru på at prosjektet deira er av den solide typen, og har mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge Sogn og Fjordane og Næringsstiftinga til Sparebanken Vest Sogn og Fjordane. Målet dei strekk seg etter er berekraftig produksjon av tare på industriell skala der produkta har ei høgare nyttegrad av det råstoffet som dei hentar frå havet. Ein slik auka tilgang på marine ressursar frå relativt reine, friske forhold, vil vere eit konkurransefortrinn for Norge, særleg ovanfor Asia.

Akkurat no jobbar NSP med å spesifisere konkrete FoU-prosjekt med moglege samarbeidspartnarar. Dei planlegg også eit pilotprosjekt for utvikling av teknisk utstyr, men kva det går ut på vil dei ikkje røpe enno.

 

Vil du vite meir om Norwegian Seaweed Production? 

Du kan besøke nettsida deira her. Norwegian Seaweed Production er også blant foredragshaldarane våre på neste frukostsamling torsdag 6. april. Vi håpar å sjå deg der!