Flott start på Hyllestad-prosjektet, med mange nye arbeidsplassar

Hyllestad sitt omstillingsprosjekt, med Aksello som prosjektleiar, er godt i gong: 60 av 100 har funne anna arbeid

  • Fleire nye bedrifter etablert, med til saman 25 tilsette
  • Mjuk overgang så Havyard ikkje vert lidande
  • Omstilling og vekst i praksis, seier ordføraren

Som Hyllestad kommune har informert om tidlegare, starta kommunen, saman med naboane Høyanger og Fjaler, eit prosjekt for omstilling og vekst i desember. Bakgrunnen var at hjørnesteinsbedrifta Havyard i Leirvik skal nedbemanne med 100 tilsette. Prosjektet har to målsettingar: 1) Unngå arbeidsløyse og fråflytting, og 2) skape nye bedrifter og aktivitetar i det etablerte næringslivet.

No kjem prosjektet med ein statusrapport, og det er gledeleg lesing for ordførar Kjell Eide.

Det viser seg at prosjektet allereie gir gode resultat. Per no har 60 av dei 100 i faresona for oppseiing funne anna arbeid eller sysselsetting. Nokre har valt å starte vidareutdanning, nokre skal gå av med pensjon, nokre har funne anna arbeid sjølve, og så mange som 25 tilsette vil være med over i bedrifter som no er nystarta. Dette er nett som vi hadde håpa på, og eit godt døme på omstilling og vekst i praksis, seier ein glad ordførar.

Med i prosjektgruppa er Hyllestad kommune, Havyard-leiinga, dei tilsette i Havyard, det lokale akvakulturselskapet Akvahub og næringshagen Klar Bedrift, alle under leiing av Arne Olsen frå næringsutviklingsselskapet Aksello.

Prosjektleiaren utdjuper: 

Hittil har det gått som vi håpa på, ja. Mange finn seg alternativ sysselsetting, men utan at det reduserer Havyard si evne til å levere på dei mange oppdraga verftet har fram mot sommaren og hausten. 

– Vi er spesielt nøgde med å ha hjelpa fleire av dei tilsette med å etablere bedrifter, og hjelpa dei med ein god relasjon til verftet, seier Olsen. 

Leiaren for Havyard i Leirvik, Karsten Sævik, seier det er mange omsyn å ta. 

– Slike omstillingsprosessar er alltid utfordrande. Det er ein balansegong mellom å levere på dei oppdraga vi har, tenke på det som skal kome, og samstundes hjelpe dei tilsette som diverre må gå. Det skapar mykje usikkerheit hos alle involverte. Men vi er nøgde så langt; nøgde med at leveringsevna vår er intakt og nøgde med at dei som forlét oss, vert verande i nærleiken slik at deira kompetanse kan være tilgjengeleg også i framtida.

Dei tilsette sin representant, Jan Olav Gjerde, er einig i at prosessen har skapt usikkerheit. 

– Vi skal hugse at dette er 100 personar med familiar, husvære, kollegaer, sosiale nettverk og så vidare. Det er ikkje noko enkelt utgangspunkt. Men når vi no kan sjå at så mange allereie har skaffa seg ny sysselsetting og vert værande i nærområdet, gir det grunn til å være litt optimist med tanke på fortsettinga.

Prosjektet er no i kontakt med alle lokale næringsorganisasjonar frå Gulen til Kinn, med tanke på å finne nye jobbar også for dei øvrige 40 Havyard-tilsette som vert ledige dei næraste månadene. 

– Her vil kome mykje god kompetanse på marknaden fram mot sommaren, seier prosjektleiar Olsen.

Ordførar Eide avsluttar med å minne om at dette trass alt er eit avgrensa prosjekt, så sjølv om resultata er imponerande så langt, håpar han på meir finansiering frå mellom anna fylkeskommunen så prosjektet kan utvidast både i lengda, breidda og djupna. 

– Det har vi godt håp om, og då kan vi ta omstilling og vekst i Hyllestad enda eit skritt vidare, avsluttar han.

For ytterlegare informasjon om prosjektet, ta kontakt med ordførar Kjell Eide (telefon 99271900 eller e-post: kjell.eide@hyllestad.kommune.no) eller prosjektleiar Arne Olsen i Aksello (telefon 97573599 eller e-post arne@aksello.no).