Er di bedrift særleg hardt ramma av nasjonale smittevernstiltak?

I slutten av februar i år mottak Kinn kommune midlar i ei ny kompensasjonsordning til lokale bedrifter. Hensikta med tilskotet er å sette kommunen i betre stand til å avhjelpe situasjonen for lokale bedrifter som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smittevernstiltak.

Kinn kommune har lyst ut midlane i regionalforvalting der bedriftene har moglegheit til å legge inn sin søknad. Kommunane i landet har velt ulike ordningar på korleis dei når ut til dei råke verksemdene på best mogleg måte. Kinn kommune har vurdert det slik at bedrifter innan servicenæringa, som har innrapportert alkoholomsetning, er av dei som utan tvil er hardt råka av smitteverntiltaka. Dei treng derfor ikkje søkje, men vil få tildelt ein kompensasjon frå kommunen utifrå ein formel som også er nytta og utprøvd i Oslo.

Andre lokale verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og servicenæringane, og andre bedrifter som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane vert oppmoda om å søkje. Dei kan då søkje støtte som kompenserer kostnader eller tap som bedrifta har hatt som følgje av smitteverntiltak og nedstigning.

Søknadsfristen er sett til 1. mai, og søknadane vert behandla raskt etter søknadsfristen er ute. Her vil ein jobbe for at prioritering, tildeling og utbetaling til kvalifiserte bedrifter vert utført innan utgangen av mai.

Det er oppretta eit forenkla søknadsskjema på www.regionalforvalting.no som skal nyttast. Ved å skrive «Kinn» i søknadsfeltet til høgre i skjermbildet får du opp kompensasjonsordninga som heiter «Kinn kommune støtte til særleg hardt ramma bedrifter i høve smitteverntiltak», klikk på den og lag deg ein brukar for å sende søknad.

Bedrifter som har innrapportert alkoholomsetning i Kinn kommune treng altså ikkje å nytte dette søknadsskjemaet, men fell automatisk inn under ordninga.

Aksello er Kinn kommune sitt næringsapparat og handterer alle søknader og spørsmål i høve desse. Så har du spørsmål er det berre å ta kontakt med Lone Bareksten hos Aksello https://aksello.no/om-aksello/#tilsette