Skip to content Skip to footer

Sommartreffet fungerte for Henrik

Den 8 juli inviterte Aksello potensielle jobbsøkarar og næringslivet til Sommartreff. Gjennom korte intervju la vi ut eit knippe av deltakarane i sosiale medium etter treffet..

Ein av de som deltok var Henrik Solheim Økland (27) frå Florø som var på Sommartreffet. Når Henrik fekk spørsmål om kvifor han var på sommartreffet? Fekk vi svaret: 

«Fordi eg er nyutdanna jurist og har følarane ute etter jobb, og då inkludere eg Florø»

Kva er sommartreffet? Sommartreffet er eit samarbeid mellom Kinn kommune, Aksello og næringslivet for å legge til rette for ein spennande nettverksarena for rekruttering til regionen vår.

Advokat Vest ved Bente Hermansen skulle i utgangspunktet halde stand på sommartreffet, men det vart ikkje høve. Gjennom Aksello sin oppdatering etter Sommartreffet fekk Bente auga opp for Henrik å ringte han.

Bente ringte Henrik og under ein uformell samtale lurte på om Henrik kunne være interessert i å jobbe hos Advokat Vest, og då fekk Bente ein klart og tydelig ja.

Henrik pakket så sine saker og ilag med flyttelasset kom han heim att igjen til Florø. Tirsdag 1. november var den første arbeidsdagen. Så på spørsmålet om Henrik var glad for at han deltok på sommartreffet kan vi trygt si ja!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet