Distrikta  ·  Inspirasjon  ·  Verdiskaping  ·  Allianse

Eit nytt nettverk for kvinner i Sogn og Fjordane.

DIVA skal vere ein møteplass for kvinner som ønskjer å utvikle seg, skape noko nytt, styrke karrieren sin eller bli del av eit større fellesskap.

Gjennom faglege samlingar, mentorordningar, nettverksbygging og inspirerande rollemodellar vil vi bidra til meir verdiskaping, fleire kvinnelege gründarar og sterkare lokalsamfunn.

Bli med og skap framtida saman med oss.

Tre område som betyr noko

Entreprenørskap og arbeidsliv

Vi løfter fram moglegheiter innan etablering, leiing, karriereutvikling og forretningsutvikling. Du får kunnskap, inspirasjon og konkrete verktøy.

Personleg økonomi

Økonomisk tryggleik gir fridom og fleire valmoglegheiter. Vi set fokus på privatøkonomi, investeringar og økonomiske sjølvstende.

Kvinnehelse

God helse er ein viktig føresetnad for meistring, arbeidsliv og livskvalitet. Vi bidreg til meir kunnskap og større openheit om tema som påverkar kvinners kvardag og yrkesliv.

Kva får du som deltakar?

Som deltakar i DIVA får du:

  • Inspirerande arrangement og foredrag
  • Faglege kurs og workshops
  • Eit sterkt nettverk på tvers av bransjar og erfaring
  • Rollemodellar som deler erfaring og innsikt
  • Mentorprogram og personleg utvikling
  • Digitale og fysiske møteplassar i regionen
  • Nye samarbeid og moglegheiter
  • Ein arena der kvinner løfter kvarandre fram

Mentorprogram

Vi koplar saman erfarne mentorar med kvinner som ønskjer utvikling. Gjennom personleg rettleiing og erfaringsdeling får du støtte til å nå egne mål.

Meir info kjem >>

Møteplassar

Gjennom året arrangerer vi regionale hovudsamlingar, faglege morgon- og kveldsmøte, workshops og digitale kaffipratar.

Meir info kjem >>

For samarbeidspartnarar

DIVA-nettverket styrker kompetanse, rekruttering og innovasjon i regionen. Bli samarbeidspartnar og invester i framtidig verdiskapning.

Bli med frå starten!

DIVA er under etablering, og vi ønskjer innspel frå kvinner i heile Sogn og Fjordane. Meld di interesse i dag og få informasjon om komande aktivitetar og arrangement.

Distrikta · Inspirasjon · Verdiskaping · Allianse

Følg oss på Facebook >>

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet