4. mars har du moglegheita til å styrke din regnskaps- og nøkkeltallsforståing i Florø gjennom konkrete analyser av eit kjent norsk selskap. Kurset vert leia av Kurt Petter Lindgren frå Styreforeningen, og alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs, eit verdifullt kompetansebevis som kan brukast i vidare styrearbeid og strategiske prosessar.
Kurset er ein del av Økonomidager i Florø, ei kompetanserekke i regi av Aksello der vi set fokus på praktisk og strategisk økonomiforståing for næringslivet i regionen, basert på reelle norske case, workshop-læring og direkte anvendelege verktøy.
Praktisk informasjon
Dato: Onsdag 4. mars 2026
Tid: 09.00–14.00 (inkl. lunsj 11.30–12.30)
Stad: Byx Cowork, Florø – Allrommet i 3. etg.
Kurshaldar: Kurt Petter Lindgren, Styreforeningen
Om kurshaldar og Styreforeningen
Kurshaldar: Kurt Petter Lindgren
Kurt Petter har brei internasjonal erfaring som CFO frå både private og børsnoterte selskap, med solid kompetanse innan økonomi, finans og rekneskap. Han har òg omfattande erfaring med verdivurdering av selskap, kapitalforvaltning, finansiering, styrearbeid, strategi, oppkjøp og investorpresentasjonar.
Han har førstehands erfaring frå oppstart- og vekstbedrifter gjennom eiget selskap og samarbeid med næringshagar, og sit i fleire styrer både som styreleiar og styremedlem. I regi av Styreforeningen er han kursholder på fleire kurs og ansvarleg for «Den økonomiske helsesjekken», som gir grundig analyse av bedrifta si økonomi og forslag til tiltak for forbetring.
Om Styreforeningen
Styreforeningen er den norske foreininga for styremedlemmar og har levert styre- og styrerelaterte kurs sidan 1999. Foreininga er partipolitisk uavhengig og har som mål å auke kompetanse og profesjonalitet for alle med interesse for styreområdet – særleg styremedlemmar, leiarar, eigarar og verksemder eller organisasjonar i Noreg. Styreforeningen har over 10 års erfaring med styreautorisasjon og tilbyr kurs og program som styrker praktisk styrekompetanse og økonomisk innsikt.
Kursbevis
Alle deltakarar får kursbevis frå Styreforeningen, som dokumenterer gjennomført kompetanseheving og kan brukast i styrearbeid, strategiske avgjerder og profesjonell utvikling.
Om kurset
Kurset gir ein praktisk og anvendeleg innføring i korleis rekneskap kan brukast som eit aktivt styringsverktøy. Vi analyserer rekneskap til eit kjent norsk selskap, stiller dei kritiske spørsmåla til resultat og balanse, og avdekkjer skjulte verdipostar, problemområde og potensielle krisesymptom.
Du lærer korleis rekneskapstall kan tolkast i ulike situasjonar og med ulike føremål – anten det gjeld eieranalyse, førebuing til sal, eller vurderingar frå ein kjøpar sitt ståstad. Vi går gjennom ein konkret sjekkliste og ei nyttig analysemodell for rekneskapsgjennomgang.
Kurset gir òg ei grundig innføring i nøkkeltal: kva dei betyr, korleis dei vert definerte og kva som er mest brukt i praksis. Du får forståing for avkastings- og rentabilitetstal, avansebaserte nøkkeltal, samt likviditet, soliditet og kontantstraum. Vi ser på kapitalbehov knytt til eigenkapital, framandkapital og totalkapital, og gjer nøkkeltalsrekningar basert på reelle behov i verksemda.
I tillegg jobbar vi med varelagergjennomstrøyming og gjennomsnittlege kreditt- og debettider for kundar og leverandørar. Sentrale økonomibegrep som EBIT, EBITA, PE og andre utfyllande nøkkeltallsrelaterte begrep blir forklart og sett i samanheng.
Vi belyser òg «ikkje-økonomiske nøkkeltal», som kundetilfredsheit og medarbeidartilfredsheit, og korleis desse inngår i ei heilskapleg verksemdsanalyse. Du får praktiske døme på kor du finn tala og korleis du reknar dei ut, samt nyttige tommelfingerreglar for vurdering av nøkkeltalstorleik.
Pris og støtteordningar
Pris per deltakar: kr 5000 eks. mva.
Bedrifter kan søkje om inntil 60 % kursstøtte. Kontakt Aksello for veiledning og meir informasjon på linn@aksello.no eller telefon +47 958 20 063.
Påmeldingsfrist
Påmelding må vere registrert innan 17. februar.
Forbehold om gjennomføring
Kurset krev eit minimum antal påmelde for å kunne gjennomførast. Dersom vi ikkje oppnår tilstrekkeleg påmelding, forbeheld vi oss retten til å avlyse eller utsetje kurset.
Målgruppe
Styremedlemmar, daglege leiarar, økonomiansvarlege, eigarar, investorar og gründarar som ønskjer praktisk innsikt i rekneskap og nøkkeltal for å ta betre avgjerder.
Styrk din økonomikompetanse – med kursbevis som dokumentasjon

