Skip to content Skip to footer

Skreddarsydd CSRD-kurs:
Praktisk rettleiing for berekraftsrapportering

Letta over at selskapet slapp unna CSRD-rapporteringa? Likevel er dette eit krav for fleire i ei verdikjede som du kanskje er ein del av. Berekraftsrapportering treng ikkje vere tungvint – med rett støtte kan det bli eit strategisk verktøy for vekst! Kom i gang i dag og la oss bistå deg på vegen. Med vårt skreddarsydde kurs får du og teamet ditt ei praktisk, effektiv og målretta innføring i Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD).

Dette får du:
  • Skreddarsydd opplegg
    Tilpassa di verksemd og dykkar behov.
  • Kombinasjon av læring og arbeid
    Bruk kurstida til å kome i gang med rapporteringa.
  • Praktisk rettleiing frå ekspertar
    Få støtte frå nokre av dei fremste aktørane innan CSRD og berekraftrapportering.
  • Styrka berekraftskompetanse
    Få innsikt i korleis berekraft kan integrerast i selskapsstrategien.
    Vi kan òg bistå med sjølve integreringa, om du ønskjer det.
  • Konkurransefortrinn
    Vinn marknaden med proaktiv rapportering.
  • Mal for vidare arbeid
    Verktøy og struktur som hjelper deg å halde fram etter kurset.
  • Oppfølging
    Vi følgjer deg opp for å sikre at de kjem vidare etter kurset.
  • Bistand til strategisk implementering
    Vi hjelper deg å setje planane ut i livet.
Kvifor velje vårt kurs?

Vi gjer CSRD-rapportering meir handterleg, og hjelper dykk i gang med arbeidet – under sjølve kurset. Kursdeltakarane opplever at dei sparar tid, får ei djupare forståing og kjem raskt i gang med tiltak som faktisk betyr noko.

Kurset har endra tankegangen vår, og vi har fått praktisk læring som hjalp oss å utføre arbeidet effektivt. Dette er ikkje berre papirarbeid, men konkrete aktivitetar som støttar vår strategi. Etter god rettleiing frå Aksello er vi nesten ferdige på ein til to månader.»

– Anne Bortne, Bravo Seafood

Kven passar kurset for?

Dette kurset er skreddarsydd for verdikjeda innan sjømatnæringa (oppdrett, havbruk, eksport mm.) Det passar godt for:

  • Berekraftsansvarlige – som har ansvar for implementering og rapportering.
  • Bedrifter som skal tilpasse seg CSRD-krava – eller som ønsker å forstå og implementere berekraftsrapportering på ein effektiv måte.
  • Verksemder som vil styrke si berekraftsstrategi – og ligge i forkant i ein stadig meir regulert marknad.
  • Verksemder som vil ha auka forståing for berekraftsrapportering og som vil sjå den praktiske nytta.

Om du ikkje er ein del av denne lista men likevel ønskjer eit slik kurs, ta kontakt så ser vi kva moglegheiter vi har for å justere kurset mot din bransje.

Ta kontakt med oss i dag for å finne ut korleis vi kan tilpasse kurset for di verksemd. Berekraftsrapportering treng ikkje vere tungvint – med rett støtte blir det eit strategisk verktøy for vekst.

La oss ta ein uforpliktande prat om korleis vi kan hjelpe deg i gang med CSRD-rapporteringa

post@aksello.no

+47 958 20 063

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet