Kurs og program
For å styrke kompetanse og fagleg utvikling tilbyr Aksello ei rekkje kurs og program. Kursa våre er skreddarsydde for å møte næringslivets behov, og deltakarane får praktisk kunnskap og verktøy som kan bidra til berekraftig utvikling og auka konkurransekraft i regionen. Gjennom kursa våre bidreg vi til eit meir kunnskapsrikt og robust næringsliv.
Økonomidagar: Kurs i nøkkeltalsforståing
4. mars har du moglegheita til å styrke din regnskaps- og nøkkeltallsforståing i Florø gjennom konkrete analyser av eit kjent norsk selskap. Kurset gir ei konkret innføring i tolking av resultat, balanse og dei viktigaste nøkkeltala i praksis. Kursleiar: Kurt Petter Lindgren, Styreforeningen.
Økonomidagar: Kurs i verdivurdering av selskap
5. mars har du moglegheita til å lære korleis du finn verdien av eit selskap gjennom praktiske og strategiske vurderingar basert på konkret case-arbeid. Kurset gir innsikt i dei viktigaste verdsettingsmetodane som vert brukte i praksis. Kursleiar: Kurt Petter Lindgren, Styreforeningen.
Hub for Ocean & Aksello: Onboarding-kurs
Fleire bedrifter i Florø har gitt uttrykk for eit ønske om fleire samlingar med relevante HR-tema. Hub for Ocean og Aksello inviterer difor til kurs og miniworkshop i onboarding 12. februar kl. 13:00–15:30 på Hamnehuset i Florø.
CSRD-kurs
Letta over at selskapet slapp unna CSRD-rapporteringa? Likevel er dette eit krav for fleire i ei verdikjede som du kanskje er ein del av. Berekraftsrapportering treng ikkje vere tungvint – med rett støtte kan det bli eit strategisk verktøy for vekst! Kom i gang i dag og la oss bistå deg på vegen.
Grøn Vekst
Grøn Vekst er vekstprogrammet til Aksello for bedrifter som ønskjer å bli meir berekraftige og konkurransedyktige i ein grønnare økonomi. Programmet fokuserer på korleis bærekraft som konkurransefortrinn er avgjerande for å møte aukande krav frå både offentlege og private aktørar, og få tilgang til grønn kapital.
