Skip to content Skip to footer

Hub for Ocean og Aksello inviterer til gratis kurs og miniworkshop i onboarding

Etter ei HR-samling i mai har fleire bedrifter i Florø gitt uttrykk for eit ønske om fleire samlingar med relevante HR-tema. Hub for Ocean og Aksello inviterer difor til kurs og miniworkshop i onboarding 12. februar kl. 13:00–15:30 på Hamnehuset i Florø.

Deltaking er gratis.

Kvifor bør du kome?

Fordi ingen fortener å starte i ny jobb medan dei lurer på kvar kaffimaskina står, og kven som eigentleg heiter «IT-Per». Dei første dagane kan vere magiske – eller katastrofale. Vi hjelper deg å gjere dei magiske!

På kurset får du dei beste tipsa frå folk som har sett både gull og grøft, og ein miniworkshop som gjer onboarding til noko nytilsette faktisk snakkar positivt om (ikkje berre på Jodel).

Dette er di sjanse til å gå frå «god nok» til «best i klassen» på onboarding!

OBS! Vi ber om at de tek med dykk dagens onboarding-manual. Denne skal nyttast i miniworkshopen. Om du ikkje har ein i dag, vil du i alle fall ha ein etter 12. februar.

Agenda:

  • 13:00: Velkomen v/ Beate og Andrea
  • 13:15: «Beste og verste onboarding-historier» v/ Magnus Aftret – Flora U40
  • 13:30: «Korleis sikre at den tilsette kjenner seg velkomen før og under onboarding» v/ Malin Steinset – Bue Salmon
  • 14:00: «Onboarding – kva og når: sjekkliste» v/ Veronika Tansøy – Westcon
  • 14:30: Miniworkshop – oppdatering og vidareutvikling av onboarding-manual
    • Bruk medbrakt stikkordsliste
    • Kva har eg lært?
    • Korleis kan vi optimalisere vår onboardingprosess?
      (Grupper på 4)
  • 15:00: Oppsummering og kåring av den beste nye onboarding-manualen
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet